Brigade Nord

Brigade Nord er ein kommandostruktur som leiar Hærens bataljonar som skal samvirka i strid.

Brigade Nord er det viktigaste verktøyet til Hæren for å førebyggja og handtera tryggleikspolitiske kriser i Noreg og for å bidra til kollektivt forsvar av Noreg og NATO. Brigade Nord er den einaste brigaden i Noreg, men skal likevel ha kapasitet til å planleggja, leie og gjennomføra koordinerte og målretta operasjonar saman med styrkar frå andre forsvarsgreiner og allierte styrkar. Brigade Nord er øvste taktiske landmilitære nivå, og rapporterer difor direkte til Forsvarets operative hovedkvarter (FOH) når han er sett på feltfot. Brigaden er plassert i Hæren sine to kjerneområde: Rena i Østerdalen og i Troms. På Rena er HRS-avdelingane forlagt, Telemark bataljon og støttekompani med verva personell.

Brigade Nord
Brigade Nord
LandNoreg
Aktiv2002–i dag
GreinHæren
TypeBrigade
RolleMobil brigadekommando
StorleikOm lag 4500 soldatar
Del avHæren
HovudkvarterBrigade Nord Bardufoss
VernarReinen
KallenamnBrig N
FargarBlå beret
Brigade Nord

Ved Heggelia leir i Bardufoss er brigadekommandoen forlagt, leia av brigadér Eldar Berli.

Historikk

Sjølv om Brigade Nord har berre vore aktiv sidan 2002, har brigaden ein lang historikk. Det er hovudsakleg ei vidareføring av andre nedlagde brigadar.

Okkupasjonsbrigade i Tyskland

Brigade Nord 
Feltkart over Tysklandsbrigade 471.

På bakgrunn av forhandlingsresultatet frå London i juni 1946, utarbeida Forsvarsdepartementet Stortingsmelding nr. 31 for 1945–1946 om den norske deltakinga i okkupasjonen av Tyskland, og la denne fram for Stortinget 6. september 1946. Tysklandsbrigaden, som vart oppretta i 1947, var Noregs bidrag til okkupasjonsstyrkane til dei allierte etter den andre verdskrigen. Brigaden var stasjonert ulike plassar i Tyskland, som samarbeidspartnarar til attreisinga av landet. Sjef for Hæren på denne tida, generalløytnant Olaf Helset, stod for den overordna organiseringa og leiinga av opprettinga av ein norsk brigade i Tyskland. Ein var usikker på antallet i brigaden; det var forslag frå 4000 til 5000 mann. Forsvarsdepartementet antyda 4000 hovud, medan generalløytnant Helset var tydeleg på at det ikkje dekka alle stillingar i ein fungerande brigade. Då første kontingent stod klar, Brigade 471, bestod brigaden av 4200 mann fordelt på militære underavdelingar. Brigaden bestod av blant anna tre infanteribataljonar, eitt feltartilleriregiment, éin sambandstropp, eitt militærpolitikompani og eitt sanitetskompani, i tillegg til forsyningsavdelingar. Det var tre geværkompani – Kompani A, B og C – i kvar infanteribataljon. Seinare vart Tysklandskommandoen oppretta, underlagt Hærens overkommando, oppretta som eige organ. Dette var for å sikra kontinuiteten og dessuten ta seg av dei oppgåvene som ikkje høyrer inn under ein feltbrigade.

Oppgåva var ikkje å utøva reell strid; krigen var allereie over. Dåverande forsvarsminister Jens Christian Hauge uttalte at Tysklandsbrigaden er der «for å fullbyrde freden». Dei norske soldatane skulle, i tillegg til å driva ordinær, militær utdanning, bidra til å sikra ro og orden lokalt, samt å hjelpa det allierte kontrollapparatet med å passa på at våpenstillstandsbetingelsene vart heldt ved like. Dei skulle sikra at det ikke skjedde eller vart førebudd noko som trua freden. Likevel meinte leiinga at den norske brigaden ikkje var i stand til å gå til reell strid, om situasjonen tilsa det. Sovjetunionen, som hadde ansvarsområde i Aust-Tyskland, kutta all kommunikasjon, flylinjer og jarnbane, med vestlege allierte i 1948. Dei allierte flytta den norske brigaden mot vest, etter forhandlingar i London, sidan brigaden ikkje var førebudd på total krig. Seinare – under den kalde krigen – fekk Tysklandsbrigaden, saman med britiske og danske soldater, i oppdrag å møta eit eventuelt sovjetrussisk åtak i Schleswig-Holstein i Tyskland. Forfattar og veteran Aslak Nore set spørsmålsteikn ved at Storbritannia forventa at den norske hæren skulle bidra ved eit eventuelt sovjetrussisk åtak.

Den første avmarsjen av personell til Tyskland skjedde i løpet av januar 1947. Soldatane som utgjorde brigaden vart plassert i seks ulike garnisonar: Northeim, Seesen, Bad Gandersheim, Einbeck, Holzminden og Göttingen. I april godkjente brigadeleiinga at avdelingane gav norske namn til leirane. Brigaden heldt til i Tyskland, til april 1953.

Etablering av ny nordnorsk brigade

    For meir om dette emnet, sjå Brigaden i Nord-Norge.
Brigade Nord 
Frå ei vinterøving i 1994

Militærkomiteen og Stortinget gjorde mange endringar i strukturen og organiseringa til Hæren på 1950-talet. Dei allierte militære rådgjevarane hadde tilrådd at Noreg burde organisera felthæren i 3 divisjonar, 1. divisjonskommando i aust, 3. divisjonskommando i sør og 6. divisjonskommando i nord. der Brigaden i Nord-Norge skulle inngå i den sistnemnde. Berre 1. og 6. divisjonskommando vart godkjent. Allereie hausten 1952 stod 1. divisjonskommando på beredskap, medan 6. divisjonskommando vart organisert av Tysklandskommandoen. Tankar om å flytta Tysklandsbrigaden tilbake til Noreg, og etablera ein ny nasjonal brigade var allereie interessant på 1950-talet. Som grunnlag for forslag om landforsvaret, hadde Hærens overkommando utarbeida ein rapport 1. mars 1952, kalla «Plan for Hærens ordning». Utifrå rapporten, utarbeida Stortinget eit utkast til ny forsvarsorganiasjon, med stortingspreposisjon nr. 2 (1953) «Forsvarets organisasjon», som har enorm betydning for Hæren i etterkrigstida. Denne preposisjonen vart vedteke einstemmig i Stortinget 6. juli 1953. 1. september 1953 vart Brigaden i Nord-Norge formelt erklært operativ. Denne nye ståande brigaden si oppgåve skulle vera todelt:

  • fungera som ein ståande beredskapstyrke i utsette område inntil landet har mobilisert og;
  • skulle bestå av vernepliktige som utførte førstegongstenesta, og dermed var under opplæring og utdanning.

6. divisjonskommando, den overordna kommandostrukturen til brigaden, vart etablert på Elvegårdsmoen utanfor Narvik 1. mai 1954. I denne perioden var det mykje debatt om kva avdelingar ein skulle ha i brigaden og Hæren nasjonalt sett. Mange offiserar hadde meiningar om å gjenoppretta same struktur som før krigen, medan andre ville ha ny struktur med nye avdelingar. Brigaden var avhengig av vernepliktig personell; ein føresetnad for oppretting av Brigaden i Nord-Norge var ei forlenging av tenestetida. Utskrivigsstyrken var ikkje «stor nok til å dekke mannskapsbehovet innenfor rammen av 12 måneder». Forsvarsministeren hadde allereie 12. desember 1951 gitt uttrykk for å forlenga tenestetida til 18 månadar, sidan det var militært sett nødvendig. Dette var likevel ikkje mogleg å gjera ved etableringa av brigaden, hausten 1953, på grunn av forsinkingane i utbygginga av personellorganisasjonen. Hærens overkommando meinte dette kunne vera mogleg i 1954. Forsvarsdepartemet var usamde i dette, og vart aldri gjennomført. Samanlikna med andre nabo- og NATO-land, hadde brigaden ein av dei kortaste tenestetidene, berre Luxembourg og Sverige hadde kortare. I Austblokk-landa var tenestetida mellom 2 og 5 år.

Brigade Nord 
Ein Leopard 1 frå Stridsvogneskadron 2 frå ein sommarøving i 1988.

Garnisonar

Ei utfordring var spørsmålet om kor ein skulle plassera avdelingane frå Tysklandsbrigaden. Etter ønske frå Forsvarsministeren i desember 1951, kom det forslag til kor avdelingane skulle plasserast. Naturleg nok, tok Hærens overkommando på seg ansvaret til å plassera avdelingar i garnisonar. Forslaget deira frå 1952 såg slik ut:

Dette forslaget vart stort sett godkjent av Forsvarsdepartementet 28. mai 1952, med unnatak av Oppklaringseskadronen, som vart plassert saman med Stridsvognstroppen i Bardufoss. I samsvar med tilrådingar frå sjefslegen på denne tida, fekk Sanitetskompaniet etablert ein ny leir på Setermoen. Få militære avdelingar har vorte flytta i ettertid; situasjonen er stort sett lik som i 1952.

Ei anna utfordring var at alle etablissementa ikkje stod ferdig til dei nyetablerte brigadeavdelingane. Dette var særs gjeldande i Troms, der avdelingane frå Tysklandsbrigaden skulle plasserast. Oppføring av nye kaserner var prioritert i Setermoen leir og Maukstadmoen leir. Dette førte til at soldatar tok i bruk midlertidige brakkar og telt. Det var ei krevjande oppgåve for Forsvarets bygningstekniske korps å byggja ut til Brigade 521 var på plass i Nord-Noreg. Stortingent vedtok i 1951 eit treårig byggeprogram, for å vera i stand til å husa brigadesoldatane og -offiserane. Dette nasjonale byggeprogrammet fekk ein prislapp på 735 millionar kroner, der 60 millionar gjekk til Brigaden i Nord-Norge.

Nedlegging og gjenoppretting

I 1995 vart den 42 år gamle brigaden lagt ned til fordel for ein ny forsvarsordning. Motivasjonen bak denne endringa var Forsvarsstudien frå 1992, som konkluderte med at eit sterkt invasjonsforsvar i Troms var naudsynt. Dette kunne best gjerast gjennom ein feltdivisjon, den mest kosteffektive eininga for Hæren på den tida. Avdelingane i brigaden inngjekk i ein ny feltdivisjon, ein overordna kommandostruktur for styrkane i Nord-Noreg. Frå august 1996 opphøyrde Brigaden i Nord-Norge å vera ein operativ avdeling, og Heggelia, Skjold og Setermoen vart sjølvstendige garnisonar direkte under 6. divisjon sin kommando. Frå 2002 bar kommandostrukturen det tradisjonsrike namnet 6. divisjon, som har røter tilbake til 1897. Tanken var at 6. divisjonskommando skulle romma fleire brigadar. Ikkje mange år etter vart divisjonen lagt ned. Brigaden vart revitalisert som Brigade Nord i 2009.

Kontroversar

Brigade Nord 
Soldatar frå Brigade Nord med blå brigadeberetar. Bataljonsoppstilling frå Sambandsbataljonen.

Skrytevideo

I 2013 laga Forsvaret og selskapet Gyro ein informasjonsvideo om Hæren, som skildra evnene og kapasiteten til Brigade Nord. Videoen innleiar med ein nyhendeinnslag der ein fiktiv utbrytarrepublikk har gått til krig over olje- og gassressursar på kysten av Rogaland. I videoen vart det blant anna hevda at Hæren består av godt trente soldatar som er klar til innsats. Videoen skildrar Brigade Nord som den mest slagkraftige avdelinga i Hæren, som er innsatsklar til heile landet. Jacob Børresen, ein tidlegare offiser, uttalte at det «er rent oppspinn og hemningsløs propaganda». Han uttalte at videoen bør vera ei målsetjing for Hæren. Jan Arild Elllingsen frå FrP, medlem av Utenriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, skildrar videoen som ein bløff. Han meiner det jukses med fakta, og meiner at ein ikkje bør visa eit illusorisk bilete. Responstida som videoen skildrar vart òg kritisert: Videoen hevdar at Brigade Nord er stridsklar på få timars varsel, noko ein kan setja spørsmålsteikn ved. Seniorrådgjevar i Hæren, Brede Hertzenberg, uttalte i ettertid at kritikken var sann; videoen gav ikkje korrekt bilete av Brigade Nord, men det var heller ikkje intensjonen.

Manglande forsvarsevne

Brigade Nord er kjerna i den norske Hæren, og det vert difor sett krav om høg mobilitet og slagkraft – avdelinga skal vera operativ. Samstundes har Hæren og Brigade Nord vorte utsett for kritikk innanfrå og frå utanforståande hald. I eit intervju med brigadesjef Eldar Berli uttalte han at forsvarsevna er manglande grunna ein reaksjonstid som er forholdsvis låg. Under den kalde krigen hadde den norske brigaden ein avskrekkande effekt på fienden i aust: Det var ein mobiliseringshær der soldatane skulle rykka ut på få timars varsel. I dag er ikkje denne styrken gjeldande; «utrustningen er blitt langt mer kompetansekrevende» og underavdelingane i brigaden leverer stridsgrupper til kampoperasjonar i utlandet, påstår generalmajor Robert Mood. Også oberstløytnant Terje Hanssen, tidlegare bataljonssjef i Panserbataljonen, viser til at komplisert materiell i kombinasjon med verneplikt ikkje alltid er ei god løysing. Bataljonen er avhengig av spesialistar.

Eit anna problem er at Forsvaret held fast ved at Brigade Nord skal vera ein taktisk avdeling på norsk jord samstundes som han skal levera kampklare fraksjonar til utlandet.

I april 2014 uttalte bataljonssjef for 2. bataljon, oberstløytnant Bjørnar Eriksen, eit kritisk lågt ammunisjonsnivå i Hæren. Soldatar i Brigade Nord fekk i gjennomsnitt skyta mellom 120 og 140 skarpe skot i laupet av heile førstegongstenesta, som ikkje er nok ammunisjon til å fylgja skyteprogramma soldata skal gjennom. Utan «skytetrening som en viktig faktor blir Forsvaret som en speiderleir», uttalte Eriksen. Ein står att med ein brigade beståande av soldatar som ikkje er i stand til å forsvara i ein eventuell krigsituasjon.

Forsvarsekspert Ståle Ulriksen frå NUPI peika på to veikskapar til Brigade Nord: avskaffinga av luftvernet og upraktisk artilleri. Konsekvensen er at brigaden er for utsett for åtak frå lufta. I 1990 avskaffa Brigade Nord sitt MRLS-artilleri, som førte til Brigade Nord ikkje lenger hadde noko ekstra artilleri som kan gje ein tilsvarande rolle i forhold til dei tre kampgruppene; artilleri kan altså ikkje gje ekstra støtte til ein av manøverbataljonane utan å fjerna kapasitet frå dei andre, ifylgje Ulriksen. Konsekvensen er då at Brigade Nord er avhengig av Luftforsvaret og Sjøforsvaret i eit møte med fiendtlege bakkestyrkar.

Brigadér Eldar Berli minna på at Noreg har ein av dei minste hærane i Europa. I 1990 hadde Hæren tretten brigadar med 163 000 soldatar til disposisjon; i 2015 gjenstod berre Brigade Nord med om lag 5000 soldatar. Egil Pettersen i TV2 meinte dette står i sterk kontrast med den militære opprustinga som skjer i Russland. Den totale satsinga på Forsvaret generelt var for lita med det trusselbiletet ein stod overfor i åra framover, spesielt grensa mot Russland og strategisk viktige polarområde. Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen uttalte at Noreg er naud til å tilpassa forsvaret til den militære trusselen som ligg i den russiske evna, ikkje i den russiske vilja. Men i dag var ikkje Brigade Nord og det norske forsvaret robust nok til å handtera ein slik militær trussel. Både folk og materiell mangla.

Organisering

Med ansvar for Hærens ni bataljonar, skal Brigade Nord syta for at desse er utrusta, trent og øvd for å operera saman. Brigade Nord er eit komplett, taktisk samvirkesystem som har den overordna leiinga, slik at ein oppnår synergi og auka slagkraft på tvers av bataljonane. Brigade Nord er stort sett organisert etter dei same prinsippa i dag som då han vart oppretta i 1953, som Brigaden i Nord-Norge, med underavdelingar som representerer eit dedikert fagområde. Brigade Nord består i dag av ni bataljonar, brigadestab og eitt militærpolitikompani, som i alt utgjer om lag 5000 soldatar.

Avdelingar

    Manøverbataljonar

    Støttebataljonar

Brigade Nord 
Ein vinterkveld frå Setermoen garnison. Til venstre er Trondenes kaserne som husar Lokaliseringsbatteriet.

Garnisonar

Avdelingsmerket

Avdelingsmerket til Brigade Nord er ein kvit rein i sprang på svart. Avdelingsmerket er eit standard våpenskjold i Hæren, og har same forma som vanlege kommuneskjold. Avdelingsmerket til brigaden har røter heilt frå Brigade 521, då leiinga tok i bruk eit reinsdyr i avdelingsmerket sitt 1. februar 1953.

Skjoldet skal berast på venstre skulder saman med bataljonskjoldet på høgre skulder. Ein kan òg bera kompani- eller eskadronsmerke i staden for brigademerket, dersom dette har Hærens standardform. I visse samanhengar kan både bataljons- og brigadeskjoldet sløyfast når det høver seg, spesielt på operasjonar i utlandet.

Sjå òg

  • Brigade Nord  3e Brigade Mécanisée
  • Brigade Nord  Panserbrigaden
  • Brigade Nord  2. brigade
  • Brigade Nord  Panzerbrigade 21
  • Brigade Nord  43 Gemechaniseerde Brigade
  • Brigade Nord  Jegerbrigaden
  • Brigade Nord  2. brigaden
  • Brigade Nord  3. brigaden

Kjelder

Fotnotar

Litteratur

  • Breidlid, Olav; Oppegaard, Tore Hiorth; Torblå, Per (1990). Hæren etter andre verdenskrig. 1945-1990 Fabritius Forlag, Oslo. ISBN 82-90545-16-9.
  • Lundesgaard, Leif (1995). Brigaden i Nord-Norge. 1953–1995 1. utgåve, Elanders Forlag, Oslo. ISBN 82-90545-51-7.
  • Valen, May Brith (2012). Samvirke – et av Hærens viktigste kjerneområder Masteroppgåve, våren 2012. Forsvarets høgskole. lenkje Arkivert 2015-02-13 ved Wayback Machine.

Tags:

Brigade Nord HistorikkBrigade Nord KontroversarBrigade Nord OrganiseringBrigade Nord AvdelingsmerketBrigade Nord Sjå ògBrigade Nord KjelderBrigade NordBataljonBrigadeHRSHærenNATONoregRena leirTelemark bataljonTromsØsterdalen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SpekkhoggarHans E. KinckEdderkoppar i kulturenFlintKommunismeParaskevi PatoulidouMontserrat CaballéBisfenol AEreksjonJim MorrisonAnatomiske muskelskildringarAsker kommuneTownes Van ZandtVitamin KOve AunliEgil OlsenChakraRøsslyngslektaMediaWikiFilchner-Ronne-isenCoahuilaVoilà av Barbara PraviSvastikaPaul KrugmanEuropaBoom Boom av EmmyMount EverestMusikkgruppa GTRJordskokkGabriel PimbaObtestSpeidarrørslaSunnmøreNanometerYasir ArafatMånenTregleiksmomentWatch My DanceNasjonalrettYesud HaMa'alaKjell Kristian RikeKarriKamferVektorrekningTaakeAndreas RombergA Whiter Shade of PaleTeikningDespotarLiverpool FCBlåmannKjærleikJennifer AnistonOzelotJomfru MariaNewport Folk FestivalParlamentarisme i kommunarGardasjøenAbdullah II av JordanDannii MinogueEnrico CarusoPaparoa nasjonalparkMesopotamiaHavmusProfessor emeritusQ.E.D.BBC PrimeEtan1. divisjon fotball for mennKoparslagararThe 2nd LawBagdadSpaniaHund🡆 More