Brettspel er ein type spel som blir spelte på eit brett eller ei plate med særskilde brikker som skal flyttast rundt på dette i løpet av spelet.
Kvart spel har særskilde reglar for korleis ein kan flytta brikkene. Ein bruker ofte tilleggsutstyr, som terningar eller kort, til å styra spelet.
Brettspel varierer i utfordring frå pedagogiske spel for små born, spel mynta på hele familien, enkle spel med eit utal strategiske val til tunge spel med mange reglar som tek fleire dagar å spela gjennom.
Det finst eit utal brettspel med mange ulike føremål. Dei klassiske brettspela som dam, sjakk og backgammon er kjende over heile verda. Nyare spel kan vera tettare knytte til den verkelege verda, som Trivial Pursuit, Geni og Monopol. Ein ny type spel som særleg er mykje spelte blant ungdom er moderne strategispel, som Axis & Allies, Carcassonne og Risk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Brettspel, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.