«Breathe» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd frå albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973.
Breathe Song av Pink Floyd frå albumet The Dark Side of the Moon | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. mars 1973 | |
Innspelt | Juni 1972 - januar 1973 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 2:47 | |
Komponist | David Gilmour, Richard Wright | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | David Gilmour, Roger Waters, Richard Wright |
---|
Songen har sakte tempo og fyldig struktur med David Gilmour sin slidegitar og vokal over fleire spor med dempa og varm klang. Ein meiner at songen representerer fødsel. Teksten, som er skriven av Roger Waters, bed lyttaren om å ta ein pause i det tilsynelatande endelause arbeidslivet og leggje merke til meir meiningsfulle syslar i livet.
Long you live and high you fly
And smiles you'll give and tears you'll cry
And all you touch and all you see
Is all your life will ever be.
Songen startar direkte frå «Speak to Me», og på enkelte utgåver av albumet er begge desse første spor på plata. Derfor vert dei ofte spelte i lag på radio.
Ein reprise av songen kjem etter «Time» på albumet. Han er på same spor som «Time», og vert derfor ofte oversett som ein del av plata. Reprisen er meir eller mindre identisk til første versjonen, men med eit tredje vers. I tillegg er han ikkje like «rundt i kantane», som «Breathe».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Breathe, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.