Punktskrift

Punktskrift (fullskrift og enkel kortskrift: ⠏⠥⠝⠅⠞⠎⠅⠗⠊⠋⠞; normal el.

utvida kortskrift: ⠏⠅⠞⠎⠅⠗⠊⠋⠞), eller braille, tidlegare kalla blindeskrift, er eit skriftsystem som blir brukt av synsskadde eller blinde personar i store delar av verda. Systemet byggjer på eit rektangel som består av seks punkt, i to loddrette kolonnar med tre punkt i kvar kolonne. Rektanglet er ikkje større enn at det kan bli dekt av fingertuppen. I ei punktskriftsbok les vi punktskrifta frå venstre til høgre med fingertuppen.

Punktskrift
Punktskrift

Dei ti første teikna står både for tal og bokstav, slik at symbolet for C og for talet 3 t.d. er det same. I tillegg er det metasymbol: neste symbol er ein bokstav, neste symbol er eit tal, punktum, komma, osb.

Med overgangen til digital lagring av tekst har punktskriftsystemet fått eit omsving. Punktskrifta har ein eigen representasjon i Unicode, og tekst kan automatisk bli konvertert til punktskrift. Kombinert med ein tekst-basert nettlesar som lynx kan dermed blinde ha same tilgang til t.d. internett som det alle andre har.

Skriftsystemet vart laga i 1821 av Louis Braille.

Det norske alfabetet i punktskrift

Fullskrift og kortskrift

Ein kan velje å gi att visuell skrift temmeleg direkte i punktskrift, noko som kallast fullskrift, men ein kan òg bruke stenografi-liknande system som kallast kortskrift. Nokre språk har ikkje noko kortskriftsystem, medan engelsk på si side nesten berre bruker kortskrift. I tysk bruker ein begge delar, men mest kortskrift.

I norsk punktskrift bruker ein både fullskrift og tre forskjellige nivå av kortskrift: nivå 1 enkel kortskrift, nivå 2 normal kortskrift og nivå 3 utvida kortskrift. I tillegg kjem norsk punktskriftstenografi som eit fjerde nivå.

Dei fleste norske punktskriftblad bruker fullskrift, men Verden og Vi bruker nivå 2-kortskrift, og Krimpunkt bruker dels fullskrift, dels nivå 1-kortskrift. Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek har først og fremst bøker i fullskrift, men produserer etter ønske bøker i både fullskrift og alle tre nivå av kortskrift.

Lumske likskapar mellom norsk og engelsk punktskrift

Her følgjer ei ikkje uttømmande liste over falske venner mellom norsk punktskrift og det engelskspråklege punktskriftsystemet Unified English Braille (UEB). For norsk er berre oppgitt tydingar frå fullskrift.

⠜   m.a. æ, ä og } (mengdeparentes) – UEB bokstavfølgja ar
⠪   ø eller ö – UEB bokstavfølgja ow
⠡   å – UEB bokstavfølgja ch eller ordet child
⠄   punktum eller gongeteikn – UEB apostrof
⠲   m.a. hermeteikn – UEB m.a. punktum
⠢   ? eller – UEB bokstavfølgja en eller ordet enough
⠿   é – UEB bokstavfølgja for
⠣   m.a. ê og { (mengdeparentes) – UEB bokstavfølgja gh
⠮   è eller ß – UEB bokstavfølgja the
⠬   ò eller & eller § – UEB bokstavfølgja ing (ikkje først i ord)
⠷   à eller [ – UEB bokstavfølgja of
⠾   ] – UEB bokstavfølgja with
⠳   ü – UEB bokstavfølgja ou eller ordet out
⠦   ( – UEB ? eller innleiande dobbelt hermeteikn eller ordet his
⠴   ) – UEB avsluttande dobbelt hermeteikn eller ordet was
⠌   m.a. skråstrek og brøkstrek – UEB bokstavfølgja st eller ordet still eller brøkstrek i brøk med berre siffer
⠶   = – UEB m.a. bokstavfølgja gg (ikkje sist i ord) og ordet were

Bakgrunnsstoff

Punktskrift  Commons har multimedium som gjeld: Punktskrift

Tags:

Punktskrift Det norske alfabetet i punktskriftPunktskrift Fullskrift og kortskriftPunktskrift Lumske likskapar mellom norsk og engelsk punktskriftPunktskrift BakgrunnsstoffPunktskriftBlindSkriftsystem

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Herr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottVätternKarl XII av SverigeKjemiLokeAndZoologiSjakkHellerman RocksRådyrTysklandPetter NorthugKopplamTalordHound DogCommunist Party of Great BritainPanterAfrikaSamanlikning av jødedommen og kristendommenNorske kommuneblomarFrøylandsvatnetTeknologiBrusselHepatitt C-virusGeorg III av StorbritanniaHákarlJohn P. HammondNorsk folkedansMarius ThingvaldDet osmanske riketCelina MidelfartNasjonalinstrumentMaren LundbyBrøytMatematikarTongaJomfru MariaStrilamålDen cubanske revolusjonenEtanClaudio LangesSpesifikk varmekapasitetSovjetunionenMicrosoft WindowsTaleSymbolElektrostatisk generatorKjønnshårKulturindustrienDavid CameronOs kommune i HordalandNato-alfabetetIslamismeTsjasiv JarBiologisk familieThomas A. Dorsey22. aprilSosialismeCyanAsbjørnsen og MoeKrøllalfaKokosmakronBergen kommuneBybanen i BergenVM i alpine greiner 2019VerkstadTuonelaMånenItaliaMorfofonologiEOuverture i fransk stilVerdas landWikipediaRoger Kjendalen🡆 More