Armføtingar eller lampeskjel (Brachiopoda, etter gresk brachium - «arm» og poda - «føter») er ei gruppe virvellause dyr som lever i kalkskjel.
Armføtingar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Eumetazoa |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Armføtingar Brachiopoda Duméril, 1806 |
Gruppa er ikkje i nær slekt med muslingar, men høyrer derimot til lophophoratane saman med mosdyr og hesteskomakk. Dei representerer ei særs gamal rekkje med dyr; dei eldste fossila er frå 600 millionar år gamle bergartar.
Armføtingane er i dag ei relativt lita og artsfattig gruppe, med om lag 335 beskrivne artar kjend frå alle hav. Dei var langt meir hyppige før i tida, med eit høgdepunkt for 300 millionar år sidan: Totalt er rundt 30 000 artar kjend frå fossilrekkja.
Ved norskekysten er det funne ni artar nolevande armføtingar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Armføtingar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.