Kvegdyr: Pattedyrfamilie

Kvegdyra er ein familie av klauvdyr som består av kveg, geiter, sauer og antiloper; til saman nesten 140 artar.

Kvegdyr
Afrikabøffel
Afrikabøffel
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Paraxonia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Gray, 1821

Familien er stor og vidt utbreidd, med innfødde medlemmer på alle kontinent bortsett frå Sør-Amerika, Oseania og Antarktis. Kommersielt er gruppa òg viktig, sidan ho omfattar fleire av dei viktigaste husdyra våre: storfe, sauer, geiter og vassbøflar.

Skildring

Dei største kvegdyra står to meter høge ved skuldrene og veg godt over eit tonn, medan dei minste er på storleik med ein vanleg huskatt og veg knapt nok 3 kg. Somme artar lever i store flokkar med komplekse sosiale strukturar, andre fører eit solitært liv. Ein kan finna kvegdyr i alle slags landskapstypar, frå djupe regnskogar til forblåst tundra.

Alle medlemmene av familien har fire magar, og jortar attpå. Dette, godt hjelpt av bakteriefaunaen i magane, gjer at dei er i stand til å bryta ned cellulose og såleis eta gras. Kvegdyr som lever av gras er som regel tyngre bygd enn kvegdyr som et andre planter; dette kjem av at fordøyingssystema som regel tek større plass hjå grasetarar.

Kvegdyra høyrer til klauvdyra, og har to tær på kvar fot. Alle hannar (og mange hoer) har horn i keratin, desse varierer sterkt i form, men er alltid ugreina.

Tags:

AntarktisAntiloperArtBiologisk familieGeitGeiterHusdyrKlauvdyrKvegOseaniaSauSauerStorfeSør-Amerika

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Aasmund Olavsson VinjeFrank ZappaDag HammarskjöldNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Espen Barth EideLangeKleopatraOslo kommuneMogopAlligatorarLinköpingDannii MinogueBayer LeverkusenApeUlf Tore JohansenDet australske flaggetRandulleKirsti BergstøLinn UllmannKvartalAfrikansk matTotenCarl Fredrik HillKroússaTaigaspissmusBerlinblokadenBisfenol AKnud KnudsenVestlandetDatamaskinProfessor emeritusKanye WestDiktHavørnGytingBloggKhalid SkahKari Elisabeth KaskiCC AmfiØrnJonsokMolde kommuneHypertext Transfer ProtocolHelsingforsWayback MachineUrfolkStortingetJa, vi elsker dette landetMongoliaKrøllalfaFosendialektGallikósEdderkoppar i kulturenURLFuruUrsamiskDet hev ei rosa sprungeJens StoltenbergNavreduksjonZuluDen europeiske unionenPaukeAlmopíaBodø kommuneStrynAllahu akbar1900-taletKaptein Sabeltann27-årsklubbenDet norske flaggetNoregTutgrammofonHusmannElon MuskStreptokokkhalsinfeksjonEmma Watson🡆 More