Bots- Og Bønnedag

Bots- og bønnedag, tradisjonelt bots- og bededag, er ein dag vigd til bøn og syndsvedkjenning.

I Danmark (store bededag) og på Færøyane (dýri biðidagur) er han lagt til fjerde fredag etter påske og nasjonal heilagdag. I Den norske kyrkja er dagen no lagt til siste søndagen i oktober.

Bots- Og Bønnedag
Bots- og bønnedag på ein kyrkjegard i Kiel i 1968.

Bakgrunn

Frå gammalt av har det i kyrkjene vore halde bots- og bededagar etter store ulykker og liknande høve.

Den faste bots- og bededagen er spesiell for kyrkjene i Danmark og Noreg. Bakgrunnen for dagen var ein kongeleg forordning av 27. mars 1686:

I begge Riger og tilhørige Lande skal aarlig paa fjerde Fredag etter Paaske holdes en extraordinair Bededag. Dagen skulle kunngjerast frå preikestolane søndagen i førevegen, og formane deres Tilhørere, at de med en christelig Forberedelse forrette dette hellige Værk i Ædruelighed, Skikkelighed og med gudelig Andakt, og saaledes omvende sig til Gud af ganske Sjæl og Hjerte, at det stedse maa sees og fornemmes i al deres Liv og Levnet.

Innhald

Det er skrive eigne bededagssalmar som viser kva for preg dagen har. Døme på slike er første verset av nummer 238 i Norsk Salmebok, skrive av Georg Thymus i 1541, omsett av Kristoffer J. Ørjavik i 1979:

    Vend bort din vreide!
    Gud, hald han attende!
    Domen til døden
    må du frå oss vende!
    Fri oss frå skulda, frels oss frå all våde,
    spar oss i nåde!

Uttrykket å setje opp eit be'dagsansikt, om tydeleg å vise at ein er svært lei seg eller vonbroten, seier noko om dagen i folketradisjonen.

Dato

Bededagen vart altså lagt til fjerde fredagen etter påske.

Ved lov av 28. mai 1915 vart dagen i Noreg flytta til fredagen før Helgemesse.

Ved lov av 22. desember 1950 vart bots- og bededagen lagt til søndagen før Helgemesse.

Tags:

BønDen norske kyrkjaHeilagdagOktoberSyndsvedkjenningSøndag

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Den fyrste verdskrigenTysklandEli HagenPanterByar i HellasRomanen BeatlesGuden RaTidsskriftet ForbesHelheimDattatrejaKari ØklandIndonesiaCC AmfiMåltidSionistArabisk musikkEnkeltbekkasinNasjonalplantarStikkelsbærOverflatisk veneLibanonJHVHBuddhistiske høgtiderRegjeringLohengrin sjokoladeBelgiaKjerringa med stavenFinnøyOperasjon BarbarossaKredittkortDet russiske alfabetetRomanian born french cryptologistGasskonstantPiezometerNorske fylkeskommuneslagordEkstremvêret KristinDei fire årstideneEkvatorHøgaste fjell i EuropaKlaus Peter NickelIngjald Ørbeck SørheimBloggLinda EideBokmålYosef Wolde-MariamDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenBlåmannWish You Were HereBrødskiveOrBay City RollersNorsk folkedansBlue MoonStaffan stalledrängSkarverennetHenri av LuxembourgKon-Tiki-ekspedisjonenWikipediaManchester CityOdinFrans av AssisiHjortetakksaltJernsulfatCarl LarssonListe over primtalDanskØrnAmy WinehouseBergenKristopher SchauDer ingen skulle tru at nokon kunne buVisaltíaStålkamerateneSigmaIngrid Alexandra av NoregVolda kommuneSpesifikk varmekapasitetISO 8601🡆 More