Kjell (kj) er ein nyleg (2005) føreslått bokstav i det norske alfabetet.
Dette er eit humoristisk framlegg for å fremja rett uttale av lyden kj (og tj), og stå imot den aukande tendensen til å uttala han som /ʃ/, dvs. som første lyden i ordet skjorte.
Kj-lyden er i ferd med å forsvinna frå mange norske målføre til fordel for /ʃ/. Dette er kanskje mest markert hjå ungdommen, som ikkje skal på kino men på «sjino». Somme meiner at ein særleg bokstav for kj kan hjelpa å ta vare på lyden jamvel i talespråket. Dersom framlegget skulle få oppslutning, ville kjell bli plassert mellom L og M i alfabetet.
Framlegget til den nye bokstaven blei utforma av designbyrået SDG og presentert av fjernsynsprogrammet Typisk norsk. Et liknande teikn finst trass i dette for lyden /ç/ i den norske lydskrifta Norvegia, som har røter tilbake til 1884. Det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA) blir no i dei fleste tilfella brukt i staden for Norvegia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bokstaven kjell, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.