Blokkerande Høgtrykk

Blokkerande høgtrykk er eit storskala høgtrykkmønster i atmosfæren som omtrent er stasjonært.

Desse «blokkerer» eller omdirigerer vandrande syklonar (lågtrykk). Desse blokkeringane kan ofte halde seg på same stad i fleire dagar eller til og med veker, og kan føre til at eit område kan ha same type vêr over lang tid (t.d. nedbør i enkelte område og klår himmel andre stader). På nordlege halvkule oppstår blokkerande høgtrykk ofte på våren over det austlege Stillehavet og i Atlanterhavet.

Blokkerande Høgtrykk
Eit døme på ein omegablokkering over Nord-Amerika i mai 2006.

Omegablokkering

Ein omegablokkering har fått namnet sitt fordi høgdefeltet over eit slikt høgtrykk liknar den greske bokstaven omega. Det typiske mønsteret for ei omegablokkering er at ein har eit lågtrykk vest for høgtrykket og eit anna lågtrykk aust for.

Rexblokkering

Rexblokkering har eit høgtrykk nord for eit lågtrykk. Ofte har både høgtrykket og lågtrykket ein lukka situasjon, som betyr at isobarane rundt trykksystema dannar sirklar. Rexblokkeringa er kalla opp etter meteorologen som først identifiserte dei.

Sjå òg

Tags:

AtlanterhavetHøgtrykkJordatmosfærenLågtrykkNedbørStillehavetSyklonVêr

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Lill LindforsViking FotballklubbOslolosenAustraliaBelgiaJulius CæsarAngela Burdett-CouttsAmerikanske urfolkspråkNord-IrlandKjerringHiroki ArataniMelhus kommuneGodzillaBergen kommuneNederlandskKaren DaltonIntellektuellKirgisistanAppelsinKunstig intelligensCanadaOppdal kommunePippi LangstrømpeNike, Inc.Maud av NoregOppdalFrode GrodåsBosutLydopptakDanderydNamnedagMelhusBjørnAktiv galaksekjerneSilisiumOle Gunnar SolskjærKommunevåpen i NoregTjeldShagnasty IslandPåskehareIvar AasenT-banen i OsloCarl Philip av SverigeSlåttar frå HallingdalHertuginneAbkhasiaNedbørCosta RicaE-nummerFarmorTidlegare kommunevåpen i NoregLindisfarne klosterSeladonSkottland2012-fenomenetJean SibeliusNasjonaldrikkAkslaOlav II av NoregMarit BjørgenRoald ØyenE85Sjokoladen HobbyLangfredagsfjæreGroßpetersdorfElektrisk isolatorSnøskuterGoogle ChromeHalelause padder2023🡆 More