Blasfemi vil seia å spotta gudar eller religion.
Blasfemi var fram til 2015 straffbart i Noreg etter § 142 i straffeloven, som forbaud å visa ringeakt «for nogen trosbekjennelse hvis utøvelse her i riket er tillatt eller noget lovlig her bestående religionssamfunds troslærdommer eller gudsdyrkelse». Dette var ein såkalla sovande paragraf som ikkje blir brukt til å reisa påtale. Den siste som blei tiltalt for blasfemi i Noreg var forfattaren Arnulf Øverland i 1933 etter å ha halde foredraget «Kristendommen, den tiende landeplage».
Straffeloven 1902 § 142 («blasfemiparagrafen») vart oppheva ved lov 29. mai 2015. nr. 35.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Blasfemi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.