Time er eit amerikansk nyheitsmagasin som kjem ut ein gong i veka.
Tidsskriftet blei grunlagd i 1923 av Henry R. Luce og Briton Hadden. Det var lenge eigd av Time Inc. eller Time Warner, men har i dag Meredith Corporation som eigar. Bladet utnemner kvart år ein person of the year, 'årets person'.
Time | |||
Framsida til første utgåve av Time (3. mars 1923) | |||
Type | Nyheitsmagasin | ||
---|---|---|---|
Oppretta | 3. mars 1923 | ||
Grunnleggjar | Briton Hadden, Henry Luce | ||
Språk | Engelsk | ||
Eigar | Meredith Corporation (tidlegare Time Inc., Time Warner) | ||
ISSN | 0040-781X | ||
Nettstad | https://time.com |
Den amerikanske hovudutgåva av bladet kjem ut i New York. Ei europeisk utgåve (Time Europe, tidlegare Time Atlantic) som også dekkjer Afrika, Midtausten og sidan 2003 Latin-Amerika kjem ut i London. Ei asiatisk utgåve (Time Asia) har hovudkvarter i Hong Kong, medan ei utgåve for det sørlege stillehavsområdet som dekker Australia, New Zealand og stillehavsøyane er basert i Sydney. Fram til desember 2008 hadde Time også ei eiga kanadisk reklameutgåve.
Time har den største utbreiinga av noko vekentleg nyheitsblad i verda. Den trykte utgåva har 26 millionar lesarar, 20 millionar av dei i USA. I midten av 2012 hadde bladet eit opplag på over tre millionar, redusert til to millionar seint i 2017.
Nancy Gibbs var redaktør for bladet frå september 2013 til September 2017. Ho blei etterfølgd av Edward Felsenthal, som hadde vore redaktøren for den digitale utgåva av Time.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bladet Time, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.