Biologisk klassifiseringNynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia
Biologisk klassifikasjon er det å dela inn organismer i grupper etter eit system. Moderne biosystematikk tek for seg den evolusjonære slektskapen til organismane og bruker denne til å laga hierarkiske slektstre. Tradisjonell taksonomi brukte visse likskapar til å gruppera organismar.
I antikken arbeidde særleg Aristoteles med å kartleggja og gruppera alt som var til. Moderne taksonomi blei særleg grunnlagd av Carl von Linné, som brukte fysiske likskapar til å setja organismar i same grupper. Nyare genetikk har gjort det mogleg å gruppera organismar etter felles avstamming, såkalla kladistikk.
Taksonomiske nivå
I biologisk klassifikasjon er organismane tradisjonelt organiserte i sju obligatoriske ulike taksonomiske nivå eller kategoriar. Det er også vanleg å dela desse nivåa inn i mellomnivå, det vil seie at til dømes ein familie ofte har fleire underfamiliar (delgrupper).
Dei sju obligatoriske kategoriane, frå lite omfattande til meir omfattande:
Namn | Latin | Døme |
---|---|---|
art | species | Homo sapiens (menneske) |
slekt | genus | Homo |
familie | familia | Hominoidea (menneskeapar) |
orden | ordo | Primates (primatar) |
klasse | classis | Mammalia (pattedyr) |
rekkje | phylum | Chordata (ryggstrengdyr) |
rike | regnum | Animalia (dyr) |
Naturlege og kunstige grupper
Ei gruppe som bygger på evolusonær avstamming blir kalla naturleg, eller monofyletisk. Grupper som er danna gjennom likskapstrekk men ikkje omfattar alle artar med felles avstamming blir kalla kunstige. Desse kan anten omfatta artar med ulikt evolusjonært opphav (polyfyletisk gruppe), eller berre utvalde artar som stammar frå same opphav (parafyletisk gruppe). Mange taksonomiske grupper basert på likskapar har vist seg å vera naturlege, medan andre er blitt omgrupperte etter analysar med mellom anna molekylærgenetikk.
Kjelder
- «klassifikasjon – biologi» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Biologisk klassifikasjon» frå Wiki på bokmål, og «Biological classification» frå Wiki på engelsk den 23. november 2010.
This article uses material from the Wikipedia article Biologisk klassifisering, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.