Bikirar: Fiskefamilie

Bikirar (Polypteridae) er ein gamal familie beinfiskar som skil seg seg ut ved skjelettbygnaden til brystfinnane og ved at ryggfinnen eigentleg er frå 5 til 18 små flaggliknande småfinnar.

Bikirar
Bikirar: Fiskefamilie
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Orden: Polypteriformes
Familie: Bikirar Polypteridae
Bonaparte, 1838

Dei har ei toflika symjeblære som har reell lungefunksjon, mellom anna i turketida då bikirane ligg i dvale nedgravd i mudderet. Kroppen er dekt av tjukke og rombeforma ganoidskjel.

Bikirane femnar om minst 10 artar som alle lever i ferskvatn i Afrika, og som alle er rovfiskar. Den største arten, Polypterus bichir, vert over 1 meter og finst i Den demokratiske republikken Kongo, Senegal og i øvre nilområdet. Bikirane vart tidlegare rekna for å vera skylde kvastfinnefiskane, men dette er ikkje rett sidan bikirane har ei særs gamal og sjølvstendig utviklingsline mellom strålefinnefiskane.

Kjelder

«bikirer» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 16. juni 2017.

Bikirar: Fiskefamilie  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

BeinfiskarLungeSymjeblære

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Manchester UnitedXanthippePandaSaltArtemisMahatma GandhiAnette HoffMolde kommuneXboxDomenetapMoldedialektKopplamOksygenSinaihalvøyaDu FuNyttårLundefuglCamilla CollettRusslandKjemisk formelSergej SjojguReidar JohansenKjemiStar WarsGoogle ChromeAndreas WidhölzlBloggJerry DouglasJohan BojerKognitivismeSpaniaNautisk milJon FosseDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenUkrainaStand by MeDen dominikanske republikken1900-taletClaudio LangesGeorg Wilhelm Friedrich HegelErnst VettoriGotlandMoteRekreasjonBelgiaBybanen i BergenDeAnna PriceDronninga av SabaNamnedagar i NoregNamnedagWilliam OrpenStorfeStilarkDurgaFranz LisztPlantarMispelSolgangsbrisFinskTegan and SaraKvigeUsbekistanVätternSjantiDet første krosstogetStrategispelThe Big Bang TheoryØystein SundeBiologisk familieUrfolkEnrico CarusoJean-Claude JunckerSophie Elise🡆 More