Bernhard Mogens Herre (fødd 28.
november">28. november 1812 i København, død 15. juli 1849 på Mellomkollen i Christiania) var ein dansk-norsk forfattar kjend for boka En Jægers Erindringer som Welhaven og Asbjørnsen redigerte og utgav posthumt i 1850.
Bernhard Herre | |
Litografi | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. november 1812 København |
Død | 15. juli 1849 (36 år) |
Språk | norsk |
Bernhard Herre på Commons |
Den vesle samlinga inneheld fem korte prosaperler med melankolske naturstemningar frå Herre sine mange og lange jaktturar i Nordmarka og på Krokskogen.
Herre var son av den danske handelsmannen Christian Friedrich Gottlieb Herre og Marie Christine Haagensen. Faren gjekk konkurs i København og familien flytta til Christiania i 1819, der faren slo seg opp igjen til han i 1834 gjekk konkurs for andre gongen. Så lenge familien var ein del av christaniasosieteten var Camilla Wergeland ein flittig gjest i huset og Herre var håplaust forelska i ho frå første stund. Ei tid var den fem år eldre Welhaven privatlæraren til Herre, og Herre freista på det mest sjølvutslettande viset å hjelpe dei to venene sine til å bli eit par. Som vaksen var han ein ven og beundrar av Welhaven.
Igaar indtraf den Ulykke at en ung Mand, Assistent hos Diskonteringskommissionens Kasserer, Herre, blev dræbt derved, at hans Gevær, som han bar i en Rem over Skulderen, gikk af og dets Hagelladning traf hans Hoved. Ulykken skeede paa en Jagttur i Nordmarken, idet han gled over nogle Stene og faldt, hvorved Geværet stødte mot Marken og gik af. |
Lekser og skolefag hadde ikkje Herre nokon interesse av, og tok ikkje høgare utdanning. Med berre ein såkalla «preliminæreksamen» frå 1834 i lomma fekk han ikkje anna enn ein keisam post som kopist i den såkalla Diskonteringskommissionen i Finansdepartementet. Han hadde ei kjensle av å ha evner til meir enn å kopiere dokument for hand, så «copist Herre» blei full av nederlagskjensle, melankoli og sjølvforakt.
Herre gjekk mykje på jakt i skogsområda rundt Christiania og her enda livet hans etter at børsa hans gjekk av i ei bratt og ulendt li på Mellomkollen i «Maridalsalpane». Omstenda bak blei aldri klarlagde, men med tanke på det vanskelege terrenget er ikkje eit vådeskot usannsynleg. Likevel kan notisen i Morgenbladet to dagar etter dødsfallet tolkast som ei freisting på å formidle at det var sjølvmord, noko dei etter tidas skikk ikkje kunne skrive eksplisitt.
Etter at Herre i 1840-åra kom i kontakt med den litterære krinsen kring Camilla og Peter Jonas Collett, blei han ven av P.C. Asbjørnsen. Herre freista å hjelpe Asbjørnsen med innsamling av segn og eventyr, og inspirert av desse erfaringane og dei nye litterære kontaktane sine våga han i 1841 å gje ut dei tre forteljingane «Sæterpigen og Jægeren», «Føstretiden» og «Krogkleven» i Den Constitutionelle – anonymt.
Etter at Herre var død innsåg Welhaven og Asbjørnen at dei skissene som låg igjen etter han hadde såpass litterære kvalitetar at dei var verd ei utgjeving. Dei normaliserte nokre dialektuttrykk dei meinte ikkje passa i ei litterær tekst og gav i 1850 ut En Jægers Erindringer. Boka inneheld dei tre forteljingane som var publisert i Den Constitutionelle, pluss «I Nordmarken» og «Skovene». I tillegg kom melodramaet «Carl» som Welhaven omarbeida og forkorta for å freiste å redde frå katastrofe. Det interessante med den elles svake novella er at den kan lesast som ei omskriving av trekantforholdet mellom Camilla Wergeland, Welhaven og Herre. Inntektene av salet gjekk til mora til Herre.
Dei poetiske natursansingane til Herre har fascinert fleire generasjonar, og boka har kome ut i fleire opplag. I 1860-åra blei ho utgjeve på svensk i samlinga Skizzer från Norge.. Ei utgåve med varsamt modernisert språk av Odd Inge Langholm og illustrasjonar av Chrix Dahl kom i 1966. I innleiinga til denne utgåva skreiv Francis Bull at Herre hadde skrive «de første levende naturskildringer» på 1800-talet frå skogtraktane rundt hovudstaden og at «etter mer enn hundre år lyder dens toner fremdeles til oss som et stemningsbevegende stykke klassisk musikk.»
I 1997 kom boka i fotografisk opptrykk av 1966-utgåva utstyrt med etterord av Rolf Nyboe Nettum. Han skriv at En Jægers Erindringer ikkje er å forstå som nasjonalromantikk, men som poetisk realisme. Dei få menneska Herre skildrar i forteljingane sine er jordnære arbeidsfolk; seterjenta er ikkje skildra som romantikken si slanke og grasiøse draumekvinne, men «rundformet», sterk, sunn og praktisk; andletet til tømmerhoggaren er prega av det harde slitet i skogen; og nokre ungar han møter i skogen veit ikkje anna enn at dei bur «på den andre siden av åsen» og viser seg å bu i eit usselt skur av bakhun lent opp mot ein fjellvegg, «i Form af en efter Diagonalplanet gjennemskaaren Terning». Men menneske er ikkje Herre sin primære interesse. I staden formidlar han si eiga oppleving og sansing av naturen rundt seg på ein måte som gjer han til ein pionér i norsk litteratur. «Makeløst får han frem lysbrytningene, fargenyansene, årstidenes spor i trær og gress,» skriv Nettum.
Skog- og friluftsetaten i Oslo har sett opp ein minneplakat ved stien til Mellomkollen, om lag 30 meter over staden der ein reknar med at det fatale skotet fall. Niels Fredrik Dahl dikta i romanen Herre (2009) rundt dei kjende historiske fakta om forholdet mellom Bernhard Herre, Camilla Wergeland og Johan Sebastian Welhaven. Bernhard Herres vei på Smestad i Oslo er oppkalla etter Herre.
Frå «Sæterpigen og Jægeren»
Frå «Føstretiden»
Frå «Krogkleven»
Bernhard Herre på Wikikilden (frie originaltekstar) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bernhard Herre, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.