59°59′14.010″N 6°1′19.002″E / 59.98722500°N 6.02194500°E / 59.98722500; 6.02194500
Baroniet Rosendal er ein herregard som ligg i Rosendal i Kvinnherad kommune. Herregarden ligg ved enden av Hattebergdalen, mellom fjella Melderskin og Malmangernuten.
Baroniet var det einaste i Noreg, og vert no drive som eit museum. Baroniet vart oppretta i 1678 av kong Kristian V av Danmark-Noreg, men sjølve slottet blei bygd på 1660-talet.
Mannen som stod for bygginga av slottet var dansken Ludvig Rosenkrantz. Han byggde skandinavias minste slott på garden Hatteberg, som var garden han og kona hans, Karen Mowatt, hadde fått i bryllaupsgåve frå far til bruda, Axel Mowatt. Axel Mowatt var på denne tida Noregs nest rikaste mann. Universitetet i Oslo eig eigedommen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Baroniet Rosendal, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.