Barneombodet er eit offentleg ombod, skipa med heimel i Lov om barneombod av 6.
mars 1981. Ombodet si oppgåve er å sjå til at lovgjeving som gjeld barn sine interesser blir etterlevde. Barneombodet blir utnemnt av Kongen i statsråd for ei fireårsperiode, og kan maksimalt sitje i to periodar. Barneombodet er ein fagleg autonom institusjon, men er administrativt underlagt Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
| |||
Type | Forvaltingsorgan | ||
---|---|---|---|
Virkefelt | Noreg | ||
Skipa | 1981 | ||
Org.nummer | 971527765 | ||
Barneombud | Inga Bejer Engh | ||
Hovudkontor | Karl Johans gate 7, 0154 Oslo | ||
Undergrupper | Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet | ||
Eigar | Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet | ||
Tilsette | 18 (2015) | ||
Nettside | barneombudet.no |
I boka «Umyndige personer» lanserte Anders Bratholm tanken om eit barneombod i Noreg allereie i 1969. Etter debatt utover på 1970-talet blei Barnelovutvalet sett ned i 1975, leia av Frederik Beichmann. Ved opprettinga i 1981 blei Målfrid Grude Flekkøy det første barneombodet i verda.
Ida Hjort Kraby blei utnemnd 8. februar 2008, og skulle etter planen tiltre som nytt barneombod i april 2008, men trekte seg allereie 14. februar 2008 etter at det blei kjent at det hadde vore personleg kontakt med barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen, sjå Barneombodsaka. Reidar Hjermann hadde sin siste arbeidsdag på kontoret 11. april 2008, og nestleiar hos barneombodet Knut Haanes tok til 14. april 2008 som fungerande barneombod medan arbeidet med å tilsette ein etterfølgjar heldt fram. Reidar Hjermann blei så gjenoppnemd 20. juni 2008.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Barneombodet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.