Barbiturat: Legemiddel som verkar som CNS-depressiva

Barbiturat er ei gruppe lækjemiddel, som tidlegare vart brukte i behandlinga av søvnproblem, nervøsitet, angst og ved abstinensproblem etter inntak av alkohol.

Stoffa var i mange år dei mest brukte sovemidla. Dei har elles vore svært mykje brukte til behandling av lettare nervøse tilstandar.

Barbiturata verkar motsett av stoff i amfetamingrupper. Dei verkar altså hemmande på ei lang rekkje funksjonar i sentralnervesystemet. Dei gjev ofte ei kjensle av velvære, eller ei rusliknande oppleving, avhengig av dose og kva for stoff som er brukt, og det er nettopp difor at det kan oppstå misbruk i samband med bruk av barbiturat.

Fordi stoffa verkar hemmande i sentralnervesystemet, har dei vore bruka som søvnmiddel og roande middel, difor er er bruk av barbiturat frårådd i samband med aktivitetar der klårt medvit og snøgge reaksjonar er påkravde, t.d. ved bilkøyring og bruk av farleg maskineri.

Ved langvarig og massivt misbruk vil stoffa kunna gje abstinenssymptom, ofte med ein påfølgjande psykose. Ein ser ofte krampeåtak med risiko for dødsfall og forgiftingar i samband med inntak av større mengder barbiturat.

Ved dagleg misbruk kan symptoma vera søvnvanskar, hovudverk, trøyttleik, nedsett konsentrasjon, hukommelsesproblem og kjenslemessig ustabilitet.

Barbiturata er etterkvart ikkje å finna på den legale marknaden lenger, då dei hadde ein klårt større tendens til utvikling av tilvenjing og ein større risiko for å gje forgifting enn benzodiazepinar.

Fenemal (fenobarbital) er det einaste legale barbituratlækjemiddelet som stadig er i bruk i Noreg. Det vert brukt i behandlinga av epilepsi og alkoholabstinensar.

Tags:

AbstinensAlkoholAngstLækjemiddel

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DanmarkCelina MidelfartKongsberg IdrettsforeningAristotelesGonzález IslandLungebetennelseBjørnArtemisFree Fallin'Nord-AmerikaSamanlikning av jødedommen og kristendommenJon FosseCanadaMarianne Sivertsen NæssAfrikaSola kommuneVM i alpine greiner 2019Bon Iver, Bon IverFrits ThaulowCristiano RonaldoAegisMusikkgruppa GåteMayo ClinicHank LocklinKlimaJohn P. HammondEstlandRegjeringa Bondevik IIBelgiaHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottKanye WestSkypeAustralopithecusMote1200HumleFinding NemoNordsamiskKinagrasØrsta kommuneDrivhusgassTrond Fausa AurvågSigmaGrodagenAlbert EinsteinKvenerTromsø kommuneSpekkhoggarTherese BjørneboeCarl XVI Gustaf av SverigeRussisk kulturAmasoneDekarMeirKaptein SabeltannJohan de WittMeråkerEkteskapNile RodgersNero av RomarriketEyvind JohnsonGitarforsterkarMagnetisk feltstyrkeDiktRussisk litteraturFascismeHjortFlåklypa Grand Prix27-årsklubbenVM i friidrett 2019Harry PotterMoldauBarack ObamaSåmaskinDen cubanske revolusjonenÆrfugl🡆 More