Baby It's You

«The Things I Want to Hear (Pretty Words)»

Baby It's You
Singel av The Shirelles
frå albumet Baby It's You
B-side

Språk engelsk
Utgjeve 1961
Innspelt Bell Sound Studios, New York
Sjanger rock
Lengd 2:42
Selskap Scepter
Komponist Burt Bacharach, Luther Dixon
Tekstforfattar Mack David
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach/Mack David/Barney Williams
Produsent Luther Dixon
The Shirelles-kronologi 
«Big John (Ain't You Gonna Marry Me)»
(1961)
Baby It's You «Soldier Boy»
(1962)


Baby It's You
Singel av Smith
Språk engelsk
Utgjeve 1969
Sjanger rock
Lengd 2:29
Selskap Dunhill
Komponist Burt Bacharach, Luther Dixon
Tekstforfattar Mack David

«Baby It's You» er ein song skriven av Burt Bacharach (musikk), Luther Dixon (som Barney Williams) og Mack David (tekst). Han vart spelt inn av The Shirelles og The Beatles, og vart ein hit for begge. Størst suksess med songen hadde Smith, som tok songen til femteplassen på den amerikanske singellista i 1969.

The Shirelles-versjonen

Songen vart produsert av Luther Dixon. Då han kom som singel i 1961 vart songen særs populær og nådde åttandeplassen på poplista og tredjeplassen på R&B-lista. Han vart sidan gjeven ut på albumet Baby It's You. Vokalarrangementet på denne versjonen påverka mange andre versjonar av songen, mellom anna the Beatles sin versjon. Ei stor endring i songen er endringa frå moll- til durakkordar i versa.

The Beatles-versjonen

Baby It's You
Singel av The Beatles
frå albumet Live at the BBC
Språk engelsk
Utgjeve 20. mars 1995
Innspelt 11. og 20. februar 1963
EMI Studios (Please Please Me-versjonen)
1. juni 1963 (Live at the BBC-versjonen)
Sjanger Merseybeat
Lengd 2:45
Selskap Apple
Komponist Burt Bacharach, Luther Dixon
Tekstforfattar Mack David
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«Twist and Shout»
(1986)
Baby It's You «Free as a Bird»
(1995)


The Beatles framførte «Baby It's You» som ein del av konsertane sine frå 1961 til 1963 og spelte han inn for det første albumet, Please Please Me, 11. februar 1963 i lag med «Boys», ein annan song av The Shirelles. Vee-Jay Records hadde med songen på Introducing... The Beatles og Songs, Pictures and Stories of the Fabulous Beatles. Capitol hadde han med på The Early Beatles. The Beatles-versjonen skil seg frå Shirelles-versjonen ved at det andre verset blir repetert i staden for det første.

Eit konsertopptak kom ut på Live at the BBC i 1994. Songen vart gjeven ut på singel i 1995. Singelen nådde sjuandeplassen på singellista i Storbritannia og 67. plass i USA.

Medverkande

Smith-versjonen

Smith sin versjon av songen kom ut på debutalbumet deira, A Group Called Smith. Singelen vart gjeven ut på Dunhill 4206 i 1969. Det var den første og mest populære utgjevinga deira. Songen har eit anna arrangement enn originalen og Beatles-versjonen. Singelen nådde femteplassen på Billboard Hot 100. Smith-versjonen vart nytta i Quentin Tarantino sin Death Proof.

The Carpenters-versjonen

The Carpenters spelte inn ein versjon av «Baby It's You» i 1970 for albumet Close to You. Han vart ikkje gjeven ut som singel, men vart framført i fjernsynsserien deira, Make Your Own Kind of Music i 1971. Han var òg med på det britiske samlealbumet Reflections i 1998 med ein ny miks laga av Richard Carpenter i 1991.

Andre versjonar

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

  • Bruce Channel, 1962
  • Sylvie Vartan (på fransk), 1962
  • Dave Berry, 1964
  • Cilla Black, 1965
  • Cliff Richard, 1967 & 2002
  • The Masqueraders, 1975
  • Dolly Mixture, 1980
  • Emily Bindiger, 1981
  • Sonny Vincent and the Extreme, 1982
  • Pia Zadora, 1982
  • Grey-Star, 1983
  • Elvis Costello & Nick Lowe, 1984
  • Stacy Lattisaw, 1984
  • Mai Yamane, 1985
  • Ace Frehley, 1988
  • Johnny Thunders & Patti Palladin, 1988
  • Cherrelle, 1992
  • Petty Booka, 1995
  • Chrissie Hynde, 1998
  • Leigh Stephens, 2004
  • Loleatta Holloway, 2005
  • Alyson Stoner, 2005
  • The Bonedrivers, 2006
  • Shakin' Stevens, 2007
  • Adele Adkins, 2008
  • Friendly Fires, 2009
  • Shakespears Sister, 2010
  • Haley Reinhart, 2011
  • Anna Calvi, 2011
  • Kramer, 2012
  • Bette Midler, 2014
  • Mapei, 2014
  • The Last Internationale, 2014

Kjelder

Tags:

Baby It's You The Shirelles-versjonenBaby It's You The Beatles-versjonenBaby It's You Smith-versjonenBaby It's You The Carpenters-versjonenBaby It's You Andre versjonarBaby It's You KjelderBaby It's You

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MonogamiTokyoRumpeldunkHalsnøyElectrolux AssistentProfessor emeritusNaturNamnedag1989Asbjørnsen og MoeRabagastHTMLDattatrejaEmma WatsonLemmingSofie MarhaugCascadaGåsIvar AasenLitauenAlver kommuneHarry PotterTyngdeakselerasjon2024ArgentinaBrødskiveDurgaMusikkAn-MagrittGasskonstantEHF-meisterligaen i handball 2013/MennBergenNasjonalplantarFaryngittLinerleMuttenSamisk språkhistorieBjørnGjærSkarverennetEgyptEreksjonKate BushHøgaste fjell i EuropaAgnetha FältskogÆrfuglSnøJærenFilmjølkNikita KhrusjtsjovURLMosesStorsnøstjerneBrigitte BardotDen franske revolusjonenCarles PuigdemontChris BrownVassøyna i GulenSunnmøreBokmålRundeOttomanOppland fylkeSionismeIgor VoriNordfjordeidInkarikets fallSaltAfghanistanGoogle MapsAmfípoliNikolaus Kopernikus🡆 More