Böhmerwald

Böhmerwald er ei låg fjellkjede i Sentral-Europa.

Ho strekkjer seg frå Sør-Böhmen i Tsjekkia til Austerrike og Bayern i Tyskland. Ho dannar ein naturleg grense mellom Tsjekkia på eine sida og Tyskland og Austerrike på den andre. Av historiske årsaker har den bøhmiske og den tyske sida forskjellige namn. På tsjekkisk vert den bøhmiske sida kalla Šumava og den bayerske sida Zadní Bavorský les, medan den bøhmiske sida på tysk vert kalla Böhmerwald (som tyder «Den bøhmiske skogen»), og Bayerischer Wald (som tyder «Den bayerske skogen») på den bayerske sida. I Tsjekkia vert Šumava òg brukt som namn på heile det omliggande område i Böhmen.

Böhmerwald
fjellkjede
Böhmerwald
Land Böhmerwald Austerrike, Böhmerwald Tsjekkia Böhmerwald Tyskland
Del av Šumava highlands

Böhmerwald
49°00′N 13°30′E / 49°N 13.5°E / 49; 13.5
Wiki Commons: Šumava
Böhmerwald
Böhmerwald om ettermiddagen
Böhmerwald
Böhmerwald om vinteren

Denne artikkelen omhandlar stort sett den bømiske sida av Šumava; for informasjon om den bayerske sida sjå Bayerischer Wald.

Geografi og klima

Böhmerwald er eit skogkledd fjellområde med ei middelhøgd på 800 til 1 400 meter. Den høgaste toppen er Großer Arber (1 456 m) på den bayerske sida. Den høgaste toppen på den bøhimske sida er Plechý (Plöckenstein) (1 378 m). Fjellkjeda er ei av dei eldste i Europa, og fjella er erodert til runde former med få steinete parti. Typisk Böhmerwald er eit platå rundt 1 000 til 1 200 meter med relativt hardt klima og mange torvmyrer. Jezerní slať («myrsjøen») har den lågaste normal- og minimumstemperaturen i Böhmen med ein årleg middeltemperatur på 2 °C og ein maksimal minimumstemperatur på -41,6 °C i 1987.

Vatn

Böhmerwald 
Innsjøen Laka

Böhmerwald er vasskiljet mellom Svartehavet og Nordsjøen, der vatnet renn ut i elvene Moldau, Otava og Úhlava, som alle har sitt utspring i Böhmerwald. Med kraftig nedbør (hovudsakleg som snø), torvmyrene og demninga Lipno, er Šumava-området ei viktig vasskjelde for Sentral-Europa. I tillegg har ein fleire vakre innsjøar i dalgrytene i området.

Natur

Böhmerwald 
Skog øydelag av barkebiller og tømmerhogst

Som grenseområde har Böhmerwald ei komplisert historie. På 1900-talet var ho ein del av Jernteppet, og store område vart tømd for busetnadar. Sjølv før denne perioden var det berre spreidde busetnadar og vegar, og i mange hundreår dominerte skogane. Jernteppet førte til at området vart verande urørt og økosystemet i skogane vart stort sett ikkje påverka av menneskeleg aktivitet. På den andre sida så vert fleire habitat som er avhengig av jordbruksaktivetet sakte omgjort til skog.

I Tsjekkia er dei mest verdifulle områda verna ved hjelp av nasjonalparkar og UNESCO-prosjektet Biosfærereservat. Delar av det tyske området er verna som ein del av Bayerischer Wald nasjonalpark. Böhmerwald er ein populær feriestad og har mange flotte turområde. Her er meir enn 500 km med tur- og sykkelstiar. Den auka turismen er derimot i ferd med å øydeleggje dei fredlege områda i Šumava-området. Šumava nasjonalpark har òg fleire problem knytte til barkebiller, og det er hissige debattar om korleis ein skal løyse desse problema.

Historie

Opphavet til namnet Böhmerwald går tilbake til 400-talet fvt. Boiar-folket spreidde seg ut over Europa mellom 400 fvt. og år 8. Boiar er det romarske namnet på tre keltiske stammer som heldt til i Gallia (det moderne Frankrike), Cisalpine Gallia (Nord-Italia) og Böhmen, Moravia og vestlege delar av Slovakia. Böhmen har mellom anna fått namnet sitt frå boiarane.

Romarane kalla området Boiohaemum, som er latinsk «Boiarane sin heim». I det 1. hundreåret var skogen folkesett av gallo-romarar i tillegg til germanske stammer i dei nordlege områda. Forfedrane til det tsjekkiske folket kom til området rundt 500-talet, medan området frå 1200-talet til 1945-1946 var busett av bøhmiske tyskarar. mange av dei tømmermenn. Fjella vart berre kalla Skogen i mellomalderen. Det noverande tsjekkiske namnet Šumava kjem frå seint på 1400-talet frå Antonio Bonfini sitt verk Rerum unganicarum decades. Opphavet til namnet er derimot uklårt.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

49°00′N 13°00′E / 49.000°N 13.000°E / 49.000; 13.000

Tags:

Böhmerwald Geografi og klimaBöhmerwald VatnBöhmerwald NaturBöhmerwald HistorieBöhmerwald KjelderBöhmerwald BakgrunnsstoffBöhmerwaldAusterrikeBayernBöhmenFjellkjedeSentral-EuropaTsjekkiaTsjekkisk språkTysk språkTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Fader vårSamisk språkhistorieBrennverdiNederlandMoldauBrexitLemmingFinlandMesopotamiaSandy DennyFrits ThaulowJerry ReedErnst VettoriEngavågenKristiansund BallklubbKanye WestMount EverestBukspyttkjertelenDiktRekreasjonFlåklypa Grand PrixOrellanaprovinsenEselInnsjøar i SverigeLonnie MackDet britiske riksvåpenetLavaHolbækNoregURLNykøbing MorsFuerteventuraElizabeth II av StorbritanniaØrsta kommuneHillary ClintonFinskJordas dagHumlerOlav V av NoregEdderkoppdyrSamarIsaac NewtonHydrogencyanidKrigNaturbrukKopplamFacesTrepunktsopphengEstlandBjorøyhavnWikimediaStorbritanniaAustralopithecusDrivhusgassSymbolErik HöglundBiologisk familieDronninga av SabaPedro I av BrasilHellasØresundbruaJens StoltenbergMayo Clinic2024StrilThe Power to BelieveFylkesveg 751 (fleirtyding)YggdrasilIngvild KjerkolBill ChamplinHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und Gott16. maiVinterImperialismeJordbruksrevolusjonenBloggerBelgiaBroccolini🡆 More