Avogadros tal eller avogadrokonstanten er ein stor konstant brukt for å rekna i kjemi og fysikk.
Talet er lik 6,0221367·1023, og er talet på molekyl i eitt mol av eit stoff.
Formelt blir stoffet definert som talet på karbon-12-atom i 12 gram av stoffet. Karbon-12 blei vald som utgangspunkt fordi ein også historisk kunne måla atommassen svært nøyaktig.
Talet er kalla opp etter den italienske vitskapsmannen Amedeo Avogadro, som levde på attenhundretalet. I 1811 gav han ut ein artikkel der han viste korleis 1) alle gassar ved 2) same temperatur og 3) same trykk og 4) same volum inneheldt same tal molekyl. Dette vert kalla Avogadro si lov.
Johann Josef Loschmidt var den første som fann fram til den numeriske verdien på talet, i 1865, og i tyskspråklege land har det òg vore vanleg å kalla konstanten «Loschmidts tal». Dessverre kan dette talet i eldre litteratur òg visa til talet på atom eller molekyl i ein kubikkcentimeter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Avogadros tal, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.