Athletic Club (baskisk Bilboko Athletic Kluba), kjend som Athletic Bilbao eller berre Bilbao i Noreg, er ein fotballklubb i Bilbao i Spania.
Klubben vart skipa i 1898. Athletic Bilbao er eitt av dei fire laga i spansk Primera División som er eit medlemsstyrt idrettslag; Real Madrid, FC Barcelona og Osasuna er dei andre.
Fullt namn | Athletic Club | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | 1898 | ||
Heimebane | San Mamés (kapasitet: 53,289) | ||
President | Aitor Elizegi | ||
Hovudtrenar | Gaizka Garitano | ||
Liga | La Liga | ||
2018/2019 | 8. plass | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Noverande sesong |
Atheltic Bilbao har spela i Primera División av La Liga sidan starten i 1929. Klubben har vorte seriemeister åtte gongar, første gongen i 1930 og den siste i 1984. Bilbao vann i 1903 den første Copa del Rey, og sin 24. og hittil siste cuptittel i 1984. I 1977 nådde laget finalane i UEFA-cupen og spela 2-2 mot italienske Juventus, men med regelen om verdet av bortemål mot heimemål vart det tap for laget frå baskarland. 35 år seinare spela Athletic Club seg til finalen i Europaligaen, arvtakaren for UEFA-cupen. I dei heilspanske finaleoppgjeret på nasjonalstadion i Bucuresti vart det tap 0-3 mot Atletico Madrid.
Athletic Bilbao er velkjend for å ha bringa fram unge baskiske fotballspelarar, samt å ha rekruttert baskiske toppspelarar frå andre klubbar, til dømes Javi Martínez. Athletic sin politikk har vore å signere spelar som er fødde eller har vokse opp i det vidare baskarland; det vere seg regionane Bizkaia, Gipuzkoa, Álava og Navarra i Spania, eller områda Labourd, Soule og Nedre Navarra i Frankrike. Dei seinare åra har ein letta litt på kravet om tilhøyrsle til baskarland, og enkelte spelarar utan regional tilknyting har spela for klubben.
Athletic Club spelar heimekampane på Estadio de San Mamés, som har plass til 39 750 tilskodarar. Laget spelar i raude- og kvitstripete trøyer og svarte bukser.
Klubben har også eit kvinnelag, som har vunne fire spanske seriemeisterskap.
24. juli 2020 Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Athletic Bilbao, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.