Ateisme (frå gresk a-, 'ingen' og theos, 'gud') er manglande tru på gud(ar).
Sjølv om mange ateistar heldt mot sekulære filosofiar som humanisme eller naturalisme, er ikkje ateismen eit livssyn som alle ateistar følgjer. Nokre religionar som jainismen og buddhismen krev heller inga tru på ein personleg gud.
Omgrepet ateist vart opphavleg nytta nedsettande om ein person eller ei tru som er i konflikt med etablert religion. Med utbreiinga av fritenking, vitskapleg skeptikk og religionskritikk har omgrepet fått ei meir spesifikk tyding og blir i høgare grad nytta sjølvbeskrivande av ateistar.
I Noreg er det ein relativt stor livssynsorganisasjon for ateistar og agnostikarar, altså ikkje-religiøse, kalla Human-Etisk Forbund. Denne organisasjonen står for eit livssyn ein gjerne kallar sekulær humanisme eller livssynshumanisme.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ateisme, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.