Asorehøgtrykket er eit stort subtropisk høgtrykk som ofte oppstår nær Asorane i Atlanterhavet, og dannar ein enden av den nordatlantiske oscillasjonen (NAO) i lag med lågtrykka nær Island.
Systemet påverkar vêret og klimaet i store område av Nord-Afrika og Europa. Den tørre lufta frå Sahara og Middelhavslanda fører til subsidens over Asorane.
Om sommaren er lufttrykket i senteret om lag 1025 hPa og flyttar seg mot Den iberiske halvøya, og dannar ofte høgtrykksryggar mot Frankrike, Tyskland og Storbritannia. Dette fører med seg varmt og tørt vêr i desse områda. Visse år er Azorehøgtrykket kraftigare og strekkjer seg vestover mot Bermuda, og påverkar vêret i austlege delar av USA. Amerikanarane kallar dette høgtrykket for Bermudahøgtrykket. Om vinteren flyttar ofte høgtrykket seg sør for Asorane, og trykksvingingar fører til meir variabelt vêr.
Høgtrykket er blokkerande, og har antisyklonsk rotasjon der lufta roterer rundt høgtrykket med klokka. Dette fører til at atmosfæriske bølgjer frå Aust-Afrika forplantar seg vestover mot Nord-Amerika og Karibia, og desse fører somme tider til danninga av tropiske orkanar, særleg i løpet av orkansesongen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Asorehøgtrykket, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.