Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Arnold Schwarzenegger

From Wikipedia, the free encyclopedia

Arnold Alois Schwarzenegger (fødd 30. juli 1947) er ein austerriksk-amerikansk kroppsbyggjar, skodespelar og politikar. Frå 17. november 2003 til 3. januar 2011 var han guvernør i California i USA, der han er busett. Han har både austerriksk og amerikansk statsborgarskap.

Arnold Schwarzenegger
Arnold Schwarzenegger 1971.jpg
Fødd30. juli 1947 (75 år)
FødestadThal
FødenamnArnold Alois Schwarzenegger
AliasArnold Strong
Aktive år1969–
Verka somskodespelar, politikar, filmprodusent, filmskodespelar, filmregissør, restauratør, soldat, gründer, kroppsbygger, sjølvbiograf, forretningsdrivande, Eigedomsmeklar, styrkeløfter
MorAurelia Schwarzenegger
FarGustav Schwarzenegger
EktefelleMaria Shriver
SambuarMildred Patricia Baena, Heather Milligan
BornKatherine Schwarzenegger, Patrick Schwarzenegger, Joseph Baena, Christina Schwarzenegger, Christopher Schwarzenegger
PrisarSteiermarks store æresbevisning i gull, stort ærestegn i gull av Ærestegnet for fortjenester, Golden Globe Award for New Star of the Year – Actor, MTV Movie Award for Best Male Performance, WWE Hall of Fame, Ridder av Æreslegionen, Nickelodeon Kids' Choice Awards, Nickelodeon Kids' Choice Awards, Nickelodeon Kids' Choice Awards, Goldene Kamera, Golden Apple Award, Bambi-prisen, American Cinematheque Award, DIVA – Deutscher Entertainment Preis, Taurus World Stunt Awards, Goldene Kamera, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Inkpot Award, Bayerns fjernsynspris
Stjerna til Arnold Schwarzenegger på Hollywood Walk of Fame.
Signaturen til Arnold Schwarzenegger

Guvernør i California

Arnold Schwarzenegger vart vald til guvernør i California den 8. oktober 2003 etter at eit opprop mot den sitjande guvernøren Gray Davis skaffa nok underskrifter til å skriva ut nyval. Schwarzenegger stilte til val som republikanar. Resultatet vart at 55,4 % av veljarane røysta for å kasta Davis, og at 48,6 % røysta for at Schwarzenegger skulle koma i staden.

Som guvernør kom Schwarzenegger i konflikt med delstatsforsamlinga i California, som hadde overvekt av demokratar i båe kammera, mellom anna kalla han dei demokratiske politikarane for «girlie men» («jentemenn»). I 2005 gjekk Schwarzenegger på eit nederlag då fire lovforslag frå han var oppe til folkerøysting og alle fire vart nedsrøysta. Etter dette nederlaget gjekk Schwarzenegger inn mot det politiske sentrumet og la seg på ei ny line med mindre konfrontasjon ovanfor delstatsforsamlinga. Han tilsette ein demokrat, Susan Kennedy, som leiar for staben sin. Ved det ordinære guvernørvalet i november 2006 hadde Schwarzenegger vunne att mykje av tillita mellom veljarane og han slo motkandidaten Phil Angelides, finansminister i California, med 56 % av røystene.

Schwarzenegger vert rekna til den liberale fløya mellom republikanarane, og har som guvernør engasjert seg sterkt for miljøvern og reduksjon i klimautslepp.

Det har vorte spekulert i om nokre av republikanarane vil ha Schwarzenegger som ein framtidig presidentkandidat, men då er det kravd eit grunnlovsbrigde, sidan Schwarzenegger ikkje er fødd i USA. Han er dobbelt austerriksk og amerikansk statsborgar, den amerikanske statsborgarskapen fekk han i 1983. I 2008 var han aktiv i valkampen for den republikanske presidentkandidaten John McCain.

Kroppsbyggjar

Han har teke del i 22 kroppsbyggingskonkurransar og vunne Mr. Universe fem gonger og Mr. Olympia sju gonger. Då det var lovleg brukte han anabole steroidar.

ÅrTittelStadPlass
1965Junior Mr. Europe  Tyskland
1
1966Best Built Man of Europe  Tyskland
1
1966Mr. Europe  Tyskland
1
1966International Powerlifting Championship  Tyskland
1
1966NABBA Mr. Universe amateur  Storbritannia
2
1967NABBA Mr. Universe amateur  Storbritannia
1
1968NABBA Mr. Universe professional  Storbritannia
1
1968German Powerlifting Championship  Tyskland
1
1968IFBB Mr. International  Mexico
1
1968IFBB Mr. Universe  USA
2
1969IFBB Mr. Universe  USA
1
1969NABBA Mr. Universe professional  Storbritannia
1
1969Mr. Olympia  USA
2
1970NABBA Mr. Universe professional  Storbritannia
1
1970Mr. World  USA
1
1970Mr. Olympia  USA
1
1971Mr. Olympia  Frankrike
1
1972Mr. Olympia  Tyskland
1
1973Mr. Olympia  USA
1
1974Mr. Olympia  USA
1
1975Mr. Olympia  Sør-Afrika
1
1980Mr. Olympia  Australia
1

Privatliv

Faren til Schwarzenegger, Gustav Schwarzenegger, var politisjef (gendarmerikommandant).

26. april 1986 gifte Schwarzenegger seg med TV-journalisten Maria Shriver, niese av den tidlegare amerikanske presidenten John F. Kennedy, i Hyannis i Massachusetts. Presten Rev. John Baptist Riordan utførte viinga i St. Francis Xavier Roman Catholic Church.

Paret har fire born:

  • Katherine Eunice Schwarzenegger, fødd 13. desember 1989
  • Christina Maria Aurelia Schwarzenegger, fødd 23. juli 1991
  • Patrick Arnold Schwarzenegger, fødd 18. september 1993
  • Christopher Sargent Shriver Schwarzenegger, fødd 27. september 1997

Filmografi

Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
This article uses material from the Wikipedia article Arnold Schwarzenegger, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors).