Arne Torp (fødd 14.
oktober 1942 i Holt i Tvedestrand) er ein norsk professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske og nordiske studie ved Universitetet i Oslo.
Arne Torp | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. oktober 1942 (81 år) Holt kommune |
Yrke | lingvist, universitetslærar |
Born | Ane Dahl Torp |
Arne Torp har skrive fleire lærebøker, både for universitets- og høgskulesektoren og for vidaregåande skule. Arne Torp var i fleire år medlem av Norsk Språkråd og har delteke i ei rekkje radio- og fjernsynsprogram, m.a. i Typisk norsk på NRK. På heimesida si har han også laga videosnuttar av seg sjølv der han framfører gamle kvad og heltedikt på norrønt og urnordisk.
I 2008 deltok Arne Torp i ein serie med radioreklamar for daglegvarekjeda Joker, der han gissar kvar dei ulike butikkane ligg, etter å ha høyrt dialektane til dei lokale butikkmedarbeidarane som les opp vekas tilbod.
Arne Torp var leiar i Landslaget for språklig samling (LSS) frå 1989 til 1993. Fra 1993 til 2003 var han redaktør av bladet Språklig samling.
Arne Torp er far til skodespelarinna Ane Dahl Torp.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Arne Torp, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.