Arequipa er ein by som ligg sør i Peru, nær grensa til Chile.
Med eit folketal på 1,008,290 (2017) er han den nest største byen i landet, etter Lima. Han er hovudstad i Arequipa-regionen og Arequipa-provinsen. Arequipa ligg i Andes i ei høgd på 2 380 moh., ved foten av vulkanen Misti. Det historiske bysentrumet i Arequipa blei utnemnd til verdsarv av UNESCO i november 2000.
Ariqipa | |||||
---|---|---|---|---|---|
Arequipa med vulkanen Misti i bakgrunnen. | |||||
| |||||
Kallenamn «La Ciudad Blanca ('Den kvite byen')» | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region | Peru Arequipa | ||||
Grunnlagd | 15. august 1540 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 650 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2009) | 904931 | ||||
Koordinatar | 16°25′S 71°32′W / 16.417°S 71.533°W | ||||
Høgd over havet | 2380 m | ||||
Tidssone | UTC-05:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.muniarequipa.gob.pe | |||||
Nettstad: www.muniarequipa.gob.pe |
Byen blei gunnlagd den 15. august 1540. Namnet «Arequipa» kjem frå quechua der Ariq tyder vulkan og qipa tyder 'bak'. Arequipa er også kjend som «Den kvite byen» på grunn av det lokale byggjematerialet, ein kvitleg vulkansk bergart kalla sillar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Arequipa, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.