Apostelgjerningane er ei bok i Det nye testamentet.
Boka følgjer rett etter dei fire evangelia i Bibelen, og er den siste av dei historiske bøkene i Det nye testamentet. Ho handlar om apostlane og deira verksemd den første tida etter krossfestinga av Jesus.
Dei som no tok imot hans ord, dei vart døypte, og den dagen vart det lagt til umkring tri tusund sjæler. Og dei heldt trutt og fast ved læra aat apostlarne og samfundet og brødbrjotingi og bønerne. Og der kom otte paa kvar sjæl, og det vart gjort mange under og teikn ved apostlarne. Og alle dei truande heldt seg saman og hadde allting til sameiga. Apg 2, 42-45 (Studentmaallaget si bibelumsetjing, 1921) |
Som Lukas-evangeliet vert apostelgjerningane innleia med ein dedikasjon til Teofilus. Så held boka fram med | Kristi himmelferd, i tradisjonen datert til 14. mai år 33. Deretter følgjer forteljinga om den første kristne kyrkjelyden som vart grunnlagt pinsedagen, 10 dagar etter Jesu himmelsferd. Her står apostelen Peter fram som ein leiar i kyrkjelyden, og Peters tale den første pinsedagen er gjengjeve.
Boka fortel vidare om bøn og samhald i den første kyrkjelyden, og om sterk auke i talet på kristne læresveinar. Etter Stefanus leid martyrdøden starta ei bølgje av forfølging av dei kristne, slik at dei spreidde seg vide – og slik vart òg kristendommen spreidd i eit vidare område.
Boka fortel vidare om Paulus si omvending på vegen til Damaskus. Etter forteljinga om den første heidningkristne kyrkjelyden og forfølgingane som leidde til apostelen Jakobs martyrdød, går forfattaren over til å skildre misjonsferdene til Paulus.
Paulus første misjonsferd, til mellom anna Kypros og Frygia i Litleasia (kap. 13 og 14), er sidan tidfesta rundt år 47, den andre, gjennom Litleasia til Hellas (kap. 15-18), er tidfesta til år 50-52 og den tredje, som òg gjekk gjennom Litleasia til Hellas] (kap. 18-21) er tidfesta til år 53-57.
Boka vert avslutta med Paulus ferd med båt mot Roma. Reisa ender med forlis og berging på Malta. Derfrå reiste dei med eit nytt skip nordover og kjem til Roma ca. år 60.
So stod daa Paulus fram midt paa Aeropogos og sagde: Apg 17, 22-23 (Studentmaalaget si bibelumsetjing, 1921) |
Etter tradisjonen er Apostelgjerningane nedskrivne av evangelisten Lukas i Roma rundt år 64. Andre meiner boka er nedskriven i Filippi, Alexandria eller Antiokia) . Hovudargumentet for årstalet er at verken Paulus’ eller Peters martyrdød rundt år 64 eller forfølgingane av dei kristne som keisar Nero starta på slutten av 60-talet er nemnde.
Apostlane Peter og Paulus er hovudpersonane i Apostelgjeningane. Verksemda til dei andre apostlane er berre så vidt nemnd.
Så kjelder kan Lukas ha bruka dels munnlege opplysningar, dels skriftlege nedteikningar. Han stod i nært samband med Paulus, og kan ha reist i lag med han delar av misjonsreisene. Fleire av skildringane hans kan derfor ha vore sjølvopplevde. Men det kan òg tenkast at desse vi-passasjane berre er eit stilistisk verkemiddel forfattaren brukar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Apostelgjerningane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.