Aos Sí (irsk uttale ; eldre form aes sídhe , skotsk sìth) er ei gruppe overnaturlege vesen i irsk og skotsk mytologi som kan liknast med alvar eller underjordiske.
Dei er blitt kalla forfedrar, naturånder eller guddommar. Aos Sí og verda deira er omtalte i det irske mellomalderverket Lebor Gabála Érenn.
Dei skal halda til under jorda i alvehaugar (fairy mounds), over vesthavet, eller i ei usynleg verd som finst parallelt med den til menneskja. Aos sí er ei omskriving som tyder 'haugfolket'. På moderne irsk blir folket også kalla daoine sídhe ˈdʲiːnʲə ˈʃiːə som har same tyding; i skotsk tradisjon er dei daoine sìth. Dei er også blitt kalla berre sídhe (som tyder 'haugar'), til dømes av innverknadsrike forfattarar som W.B. Yeats.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Aos Sí, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.