Antigen (frå eng.
antibody generating substance) er molekyl som antistoff og reseptorar på T-celler kan kjenna att og reagera med. Eit antigen kan, men lyt ikkje vera immunogent og kunna framkalla eit immunsvar. Enda om t.d. fleire lågmolekylære substansar kan reagera med ferdige antistoff, lyt dei fyrst koplast til eit berarmolekyl om dei er immunogene og framkalla eit immunsvar (hapten). Eit antigenmolekyl kan ha fleire ulike antigene determinantar (epitopar) for ulike antistoff. Enda om kvar einskild epitop berre kan bindast til sin særskilde antistoff, kan eit antigen ha bindingsstader for ulike antistoff på eitt og same molekyl.
Delves PJ, Martin SJ, Burton DR, Roitt IM (red., 2006) Roitt´s Essential Immunology, 11. utg., Blackwell Publishing Ltd., Oxford. ISBN 9781405136037.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Antigen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.