Leddormar eller leddmakk (Annelida, frå annelus, 'lita ring') er ei rekke protostome dyr med ledda kropp.
Leddmakkar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Eumetazoa |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddmakkar Annelida Lamarck, 1809 |
Rekka har namnet sitt av di dyra er bygd opp av ei rekkje einsarta ledd. Det finst om lag 15 000 beskrivne artar leddmakk, mellom dei meitemakken og iglene. Rekka femner dyr med ei lengd frå ein millimeter opp til tre meter.
Ein finn leddormar i dei fleste våte miljø, både på landjorda, i ferskvatn og ikkje minst i hava. Nokre leddormar er parasittar eller kan leva i mutualisme med andre artar.
Leddmakken er eit metamerisk dyr, det vil seie at han er bygd opp av ei rekkje heilt like segment. Kvart segment har sitt eige par med metanefridier (primitive nyrar) og ei eiga kroppshole som er skild frå førre og neste segment med eit såkalla septum - ei vevsvegg som stammar frå det såkalla mesoderme vevet. Leddmakk har eit lukka blodkarsystem med to hovudårer som går langs ryggen og buken langs heile kroppen.
Det finst tre klassar leddmakk: Fleirbørstemakk (Polychaeta), Fåbørstemakk (Oligochaeta) og igler (Hirudinea). Dei to siste gruppene har eit magebelte som vert kalla Clitellum og som vert brukt ved formeiring.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Leddormar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.