Andorra la Vella er hovudstaden i Andorra, og ligg aust i Pyreneane mellom Frankrike og Spania.
Det er òg namnet på kommunen som byen ligg i. Landsbyen Santa Coloma ligg òg i kommunen.
Andorra la Vella | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Styresmakter | |||||
Land | Andorra | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 30 km² | ||||
Flatevidd - By | 30 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2004) - folketettleik | 22 884 762,8/km² | ||||
Koordinatar | 43°56′N 12°26′E / 43.933°N 12.433°E | ||||
Høgd over havet | 1 023 m | ||||
Tidssone | UTC+2, UTC+01:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: www.comuandorra.ad | |||||
Plassering | |||||
Plassering i Andorra |
Hovudnæringa i byen er turisme, sjølv om landet òg tener mykje på å vere eit skatteparadis for utlendingar. Møblar og brandy er lokale produkt.
I Andorra la Vella bur forlk frå fleire ulike nasjonalitetar: Spanjolar (43 %), andorranarar (33 %), portugisarar (11 %), franskmenn (7 %), og 6 % andre. Det offisielle språket er katalansk, men ein talar òg spansk og fransk.
Andorra la Vella ligg sørvest i Andorra der to fjellelvar renn i hop. Sidan byen ligg i ei høgd på over 1 000 meter har ein nok snø om vinteren til at staden har eit populært skisenter. Klimaet er temperert med kalde vintrar og varme, tørre somrar. Temperaturane varierer i snitt frå rundet -1 °C i januar og 20 °C i juli. Den normale årsnedbøren er 808 mm.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Andorra la Vella, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.