Ymse andre europeiske språk og indianarspråk regionalt
| |||||
Nasjonalt motto: Deo Vindice (Latin: Under God our Vindicator) | |||||
Nasjonalsong: God Save the South (ikkje offisiell) Dixie (mykje nytta) | |||||
Hovudstad | Montgomery i Alabama 4. februar 1861–29. mai, 1861 Richmond i Virginia 29. mai 1861–9. april 1865 Danville i Virginia 3. april–10. april 1865 | ||||
Største by | New Orleans 4. februar 1861 til overgjevinga 1. mai 1862 | ||||
Offisielt språk | Engelsk (i røynda) | ||||
Styresett President Visepresident | Føderal republikk Jefferson Davis Alexander Stephens | ||||
Flatevidd - Total - % water | (excl. MO & KY) 1,995,392 km² 5.7% | ||||
Folkesetnad - Folketeljinga i 1860 - Tettleik | (utanom. MO & KY) 9103332 (3521110 slavar) 4.5/km² | ||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjend - Overgjeving | 4. februar 1861 berre av Hertugdømet Saxen-Coburg Gotha 9. april 1865 | ||||
Valuta | CSA dollar (berre setlar) US dollar |
Confederate States of America (CSA), Amerikas konfødererte statar, var ein konføderasjon skipa av tidlegare delstatar i Sambandsstatane (USA). I kortform vert statsdanninga omtala som konføderasjonen, Dixie eller berre som sørstatane. Etter at Abraham Lincoln vart vald til president i USA hausten 1860 frykta mange statar i sør at dei føderale styresmaktene i USA ville legge ned forbod mot slaveri. Som ein reaksjon frå dette valde sju delstatar (Sør Carolina, Mississippi, Florida, Alabama, Georgia, Louisiana og Texas) å erklere seg som uavhengige frå USA og danna Amerikas Konfødererte Statar. President Lincoln såg på fråtredinga frå Unionen som brot på den føderale grunnlova og sette i gang ein rekruteringsprosess der det vart rekrutert 75,000 frivilljuge soldatar til unionshæren som skulle sendast sørover for å slå ned på det Lincoln såg på som eit opprør. Som ein reaksjon på dette valde fire nye delstatar (Virginia, Arkansas, Nord Carolina og Tennessee) å gå over til Konføderasjonen. Jefferson Davis vart utpeika til å vera president for konføderasjonen. Slik vart Borgarkrigen i USA utløyst.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Confederate States of America, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.