Alfred den store (ca. 849–26.
november">26. november 899) var konge av Wessex frå 871 og til han døydde. Han var også den mektigaste kongen i England, og sjølv om han aldri herska over heile det som i dag er England blir han likevel gjerne rekna som konge av landet. Alfred blir rekna som ein av dei mest sentrale personane i samlinga av England og i forsvaringa av riket mot danane, og han har derfor fått tilnamnet «den store». Han var også den første kongen som hadde tittelen «konge av England» i levetida si. I motsetjing til andre tidlege engelske kongar veit ein mykje om livet hans, ettersom Asser, biskopen av Sherborne, skreiv ein biografi om han.
Alfred den store | |||
Statue av Alfred den store i Winchester. | |||
Konge av Wessex (England) | |||
Regjeringstid | 871–26. oktober 899 | ||
---|---|---|---|
Fødd | Ca. 849 | ||
Fødestad | Wantage i Oxfordshire | ||
Død | 26. oktober 899 | ||
Dødsstad | Winchester | ||
Gravstad | Winchester | ||
Føregangar | Ethelred I | ||
Etterfølgjar | Edvard den eldre | ||
Gemalinne | Ealhswith | ||
Gift med | Ealhswith av Mercia | ||
Dynasti | Huset Wessex | ||
Far | Ethelwulf | ||
Mor | Osburga | ||
Born | Edvard, Æthelflæd, tre eller fire barn til |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Alfred den store, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.