Alfred Schnittke (24.
november 1934–3. august 1998) var ein tysk-russisk komponist.
Alfred Schnittke | |||
| |||
Fødd | 24. november 1934 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Engels | ||
Død | 3. august 1998 (63 år) | ||
Dødsstad | Hamburg | ||
Fødenamn | Альфре́д Га́рриевич Шни́тке, Alfred Garrijevitsj Schnittke | ||
Opphav | Sovjetunionen, Russland | ||
Sjanger | Neue Musik, opera, symfoni, kunstmusikk | ||
Instrument | piano | ||
Plateselskap | Edition of Contemporary Music | ||
Verka som | komponist, pianist, musikkpedagog, universitetslærar, filmmusikkomponist, musikar | ||
Far | Harry Schnittke | ||
Gift med | Irina Schnittke | ||
Born | Andrej Schnittke | ||
Prisar | Großes Verdienstkreuz mit Stern des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Bach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg, Praemium Imperiale, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk, Den russiske føderasjons statspris, N.K. Krupskajas statspris, Østerrikes æreskors for vitenskap og kunst |
Alfred Schnittke vart fødd i Engels i Sovjetunionen. Faren stamma frå Frankfurt, medan mora var russisk og jobba som tysklærar i byen. Alfred Schnittke starta si musikalske utdanning i Wien i 1946, før han studerte vidare ved konservatoriet i Moskva frå 1953 til 1958. Frå 1961 til 1972 underviste han òg ved konservatoriet, men frå og med 1973 dreiv Schnittke utelukkande med komposisjon.
Etter å ha budd i Russland i over 40 år, flytte Schnittke til Hamburg i 1990 saman med familien sin. Her fekk han stilling som professor ved musikkhøgskulen i byen. I dei siste åra sine fekk han tre tilfelle av slag. Alfred Schnittke døydde i Hamburg i 1998 og er gravlagd på Novodevitsjijgravstaden i Moskva.
Schnittke gjorde forsøk med aleatorisk musikk og serialisme, men enda til slutt opp med ein fleirstilistisk komposisjonsteknikk, lik Charles Ives, Luciano Berio og Bernd Alois Zimmermann. Medan han leitte etter ein identitet som komponist, skreiv han også filmmusikk og teatermusikk.
Schnittke skreiv 8 symfoniar, 6 concerti grossi, fleire konsertar for ulike instrument og ballettar. Frå 1986-1988 skreiv han balletten Peer Gynt etter Ibsen-dramaet med same namn. I 1993 skreiv han orkesterverket Hommage à Grieg som vart urframført på Festspela i Bergen same året i høve 150-årsjubiléet for fødselen til Edvard Grieg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Alfred Schnittke, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.