Alfred er eit mannsnamn som kjem frå gammalengelsk, sett saman av ælf, 'alf, alv' og ræd, 'råd'.
Namnet var vanleg i Noreg ved førre hundreårsskifte, bruken har sidan gått jamt attende, med ei botnnotering rundt 1980.
I folketeljinga i 1801 var ingen menn manntalsføre med dette namnet, men ei kvinne heitte Alfrid.
I teljinga frå 1900 var det 9 974 personar som hadde namnet, i formene Alfred, Alfreid, Alfrid, Alfried eller Alfryd. Alfryd var òg bruka som kvinnenamn.
I 2007 var det 1 600 som har Alfred til første fornamn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Alfred, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.