Alfa og omega er eit uttrykk som tyder først og sist, det viktigaste eller alt.
Det tek utgangspunkt i at alfa og omega er den første og siste bokstaven i det klassiske (joniske) greske alfabetet.
Uttrykket har opphav i opningskapittelet i Johannes' openberring i Bibelen, der Johannes helsar kyrkjelydane med orda «Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.»
Bokstavane er ofte brukte i tilknyting til jesugrammet «IHS», som eit symbol som fortel at Jesus Kristus er den første og den siste, at han omslutar heile historia og styrer heile verda. I oldkyrkja vart symbolet eit uttrykk for ei kristen vedkjenning. Frå omkring år 250 vart bokstavane brukte på myntar, ringar, graver, bokpermar og påskelys, sidan òg på kyrkjeklokker.
Liknande uttrykk er norsk «frå A til Å» og engelsk «A-Z».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Alfa og omega, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.