Albert Camus (fødd 7.
november 1913 i Mondovi ved Constantine i Fransk Nordafrika, dagens Algerie, død 4. januar 1960 ved Villeblevin i Département Yonne i Frankrike) var ein fransk forfattar og filosof som blir rekna som ein av dei mest kjende og viktige franske forfattarane på 1900-talet. I 1957 fekk han Nobelprisen i litteratur «for sin viktige litterære produksjon, der han med eit klårøygd alvor set lys på problem i samband med det menneskelege samvitet i vår tid.»
Albert Camus | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 7. november 1913 Dréan |
Død | 4. januar 1960 (46 år) |
Yrke | skribent, filosof, romanforfattar, journalist, essayist, skodespelforfattar, manusforfattar, fransk motstandskjemper, lyrikar, fotballspelar, kommentator |
Språk | fransk |
Sjanger | roman |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, comité de lecture des éditions Gallimard |
Religion | ateisme |
Ektefelle | Simone Hié, Francine Faure |
Born | Catherine Camus, Jean Camus |
Albert Camus på Commons |
Nobelprisen i litteratur
1957
Camus sin far døydde tidleg og sonen fekk ein nær relasjon til mora. Trass ein fattig oppvekst fekk Camus studere; filosofistudiane var omfattande. Åra 1937–1939 var Camus medlem av kommunistpartiet og i 1938 byrja han å arbeide som journalist. Under andre verdskrigen arbeidde Camus i Paris med undergrunnsavisa Combat som han var redaktør av i åra 1945–1947.
Albert Camus første stor bidrag til verdslitteraturen var den konsentrerte forteljinga Den fremmede (1942). Romanen er kanskje hans mest vellukka eksistensielle verk. Sartre bidrog i stor grad til Camus sitt genombrot som forfattar ved å peike ut at romanen som eint døme eit verk innan eksistensialismen. Camus syner det absurde, tilfeldige og meiningslause i menneska sine tilvære; han har i det heile eit nihilistisk drag som minner om filosofien til Nietzsche.
Albert Camus omkom i ei bilulukke då eit dekk på bilen han sat i eksploderte og bilen fekk sleng.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Albert Camus, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.