Albansk er eit indoeuropeisk språk tala av meir enn seks millionar menneske, hovudsakleg i Albania og Kosovo og i nærområda.
Språket utgjer ei eiga grein innan dei indoeuropeiske språka, og stammar truleg frå ein dialekt av illyrisk som blei tala på Balkan i antikken.
albansk shqip, gjuha shqipe ('albansk språk') | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Albansk | |
Talarar | albanarar | |
Bruk | ||
Tala i | Albania, Kosovo, Nord-Makedonia, Montenegro, Serbia, Italia | |
Område | Søraust-Europa | |
albansktalande i alt | 6 000 000 | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Albania Nord-Makedonia | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | sq | |
ISO 639-3 | sqi
| |
Wiki på albansk |
Dei fleste albansktalande bur på Balkanhalvøya, søraust i Europa. Albansk er offisielt språk i Albania og Kosovo, og har offisiell status i Nord-Makedonia, Montenegro og Serbia. Ei form av språket, arabëresh vert også tala av nokre få i Calabria-området sør i Italia. I tillegg finst det albansktalande grupper i Hellas og Tyrkia, og i land albanarar har utvandra til, som Sverige, Tyskland og USA.
Det finst to hovuddialektar av albansk: Gegisk (gegë) som blir tala nord for elva Shkumbin, og toskisk (toskë) som blir tala i Sør-Albania, Hellas, Italia og Tyrkia. Språket har ei mengd lånord frå gresk, tyrkisk, romanske og slaviske språk.
Albansk er eit SVO-språk med fem kasus: Nominativ, akkusativ, dativ, genitiv og ablativ.
Ein har brukt ulike skriftsystem for å skriva språket sidan dei første skriftlege kjeldene frå 1400-talet. Toskiske dialektar blei opphavleg skrivne med greske bokstavar medan gegiske blei skrivne med latinske bokstavar. Under osmansk påverknad blei også begge dialektane skrivne med den tyrkiske versjonen av arabisk skrift. Ein har også brukt kyrillisk skrift og nokre lokale alfabet. Den noverande bruken av det latinske alfabetet blei fastsett ved Monastir-kongressen i 1908. Alfabetet byggjer på det latinske med tilleggsbokstavane ë, ç og ni digrafar (dh, gj, ll, nj, rr, sh, th, xh, zh).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Albansk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.