Albert «Al» Anderson (fødd 11.
oktober 1950) er ein amerikanskfødd låtskrivar og gitarist.
Al Anderson | |||
| |||
Fødd | 11. oktober 1950 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York City i USA | ||
Fødenamn | Albert Anderson | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1969 | ||
Sjanger | Reggae, rock | ||
Instrument | Gitar, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Bob Marley & The Wailers, The Wailers Band, Peter Tosh, Black Uhuru, Lauryn Hill, Ben Harper, The Centurions, Traffic, UB40 The Original Wailers | ||
Verka som | Låtskrivar, gitarist |
Anderson voks opp i Montclair i New Jersey og gjekk sidan på Berklee College of Music samstundes med Pat Metheny og Al DiMeola etter å ha arbeidd med ei tidleg utgåve av Aerosmith. Han vart med i The Centurions, som fanga merksemda til Chris Wood i Traffic, og han vart invitert til å spele på ådet neste albumet deira. Bidraga på Traffic-albumet vart aldri noko av, men førte til at Andersen vart tilsett av plateselskapet til Traffic, Island Records, og han vart spurt om å spele sologitar på Bob Marley & The Wailers sitt Natty Dread. Anderson spelte sologitar på «Crazy Baldhead» og på Live!, og vart verande med bandet fram til 1976, då han vart med i Word, Sound and Power, og akkompagnerte Peter Tosh på albuma Legalize It og Equal Rights. Han vendte attende til bandet til Marley og spelte på Survival og Uprising. Etter Marley døydde heldt Anderson fram med å turnere med The Wailers Band. Anderson spelte sidan med Ben Harper (Diamonds On the Inside (2003)) og Lauryn Hill på debutplata The Miseducation of Lauryn Hill. Han produserte og spelte òg på albumet til skodespelaren Steven Seagal (Songs from the Crystal Cave (2005)). I 2008 skipa han bandet The Original Wailers med Junior Marvin.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Al Anderson, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.