Aḥmadiyyā (urdu احمدیہ ) er den religiøse rørsla som vart starta av Mirza Ghulam Aḥmad (1835–1908) frå Qadian i Panjab i India.
Mirza Ghulam Aḥmad var ein muslim som hevda å ha oppfylt kristne og islamske profetiar og som erklærte seg for å vera mudjaddiden (reformatoren) av islam for den moderne tida. Aḥmadiyyāene reknar seg som muslimar, og Mirza Ghulam Aḥmad kalla rørsla si Aḥmadiyyā muslim djamāt (samfunn) og såg ho som ei revitalisering av, heller enn ei erstatning for, islam.
Den opphavlege Aḥmadiyyā muslim djamāt vart splitta i to separate grupper etter at Mirza Ghulam Aḥmad døydde. Desse to gruppene er kjente som Aḥmadiyyā-muslimsamfunnet og Lahore aḥmadiyyārørsle (Aḥmadiyyā Andjuman Isjāt-i-islām). Dei to aḥmadigruppene skil seg ut frå kvarandre i dei spesifikke tolkingane av Aḥmad sine læresetningar og påstandar. Dei skil seg òg ut i synet på kven som skulle vera etterfølgjaren etter Mirza Ghulam Aḥmad og korleis ein slik etterfølgjar skal veljast. Fleirtalet av muslimar reknar ikkje Mirza Ghulam Aḥmad sine påstandar som gyldige, og mange muslimar reknar ikkje aḥmadiyyā som muslimar i det heile teke.
Muslimar skil ofte ikkje mellom dei to aḥmadigruppene, men kallar dei alle for qadianiar, eit omgrep som blir mislikt av aḥmadiyyāene sidan det har fått ein nedsettande biklang.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ahmadiyya, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.