Afroamerikanarar (engelsk Afro-Americans), afrikansk-amerikanarar (African Americans) eller Black Americans viser til den folkesetnaden i USA som i større eller mindre grad stammar frå afrikanske folkegrupper med mørk hudfarge.
Dei fleste er etterkommarar etter afrikanske slavar som vart tekne til det amerikanske kontinentet under den transatlantiske slavehandelen.
«Black or African American» var den tredje største rasekategorien i USA (etter «White Americans» og «Hispanic and Latino Americans»). Dei fleste afroamerikanarar stammar frå folk haldne som slavar innanfor ei noverande grensen til USA. Vanlegvis har dei vest- eller sentralafrikansk og europeisk opphav, og nokre av dei stammar også frå amerikanske urfolk. Ifølgje data frå U.S. Census Bureau identifiserer nye innvandrarar frå Afrika til USA seg som regel ikkje som afroamerikanarar, men etter den afrikanske etnisiteten sin (≈95 %). Innvandarar frå nokre karibiske og latinamerikanske land og etterkomarane deira kan i nokre høve identifisera seg og i andre høve ikkje identifisera seg med omgrepet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Afroamerikanarar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.