Afrikansk Villhund: Pattedyrart

Afrikansk villhund (Lycaon pictus), òg kalla hyenehund, er eit sosialt flokklevande rovdyr i hundefamilien.

Afrikansk villhund
Afrikansk villhund
Afrikansk villhund
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Afrikansk villhund
Utbreiinga av Afrikansk villhund
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Familie: Hundefamilien Canidae
Slekt: Lycaon
Art: Afrikansk villhund L. pictus
Vitskapleg namn
Lycaon pictus

Villhunden finst over store delar av Afrika sør for Sahara.

Det systematiske namnet Lycaon pictus tyder 'måla, ulveaktig dyr'. Slektsnamnet Lycaon stammer frå det greske ordet lukos som tyder ulv. Villhunden er den einaste arten som har overlevd i denne slekta. Det første eksemplaret vart oppdaga av vestlege forskarar i Mozambique i 1820 og fekk namnet Kapp-jakthund.

Utsjånad

Afrikansk Villhund: Utsjånad, Utbreiing, Habitat 
Afrikansk villhund
Foto: Aaron Logan

Afrikansk villhund liknar på ein langstrekt, slank hund med spesielt lange bein. Han har svært store, runde og avlange ståande øyre, stor mage og ein flekkemønstra mangefarga pels som har gitt han ei vitskapleg namn som tyder 'målarhund' (Lycaon pictus). Skallen er massiv og dyra har kraftige snuteparti. Tannformelen er som hos dei fleste andre canidar (3/3 + 1/1 + 4/4 + 2/3). Eit anna særtrekk er at villhunden berre har fire tær på kvar fot.

Kroppslengda er ca. 75–110 cm, målt frå snutespiss til halerot. Halen måler gjerne ca. 30–40 cm. Hannar og hoer har omtrent same storleik. Dei blir normalt ca. 60–75 cm i skulderhøgd og vekta ligg på omkring 18–36 kg.

Pelsen er kort og glatt og utan underpels. Han går igjen i fargane brun, raud, svart, bleikgul og kvit i eit flekkete mønster, som er like særmerkt for kvart dyr som eit fingeravtrykk, men pelsane til dyr innan kvar flokk eller familie og innanfor ein region har ofte likskapar. Den buskete halen er alltid kvit på den ytre halvdelen, men det kvite feltet kan strekka seg nesten frå halerota og ut til haletippen. Øyra er for det meste svarte, men ved inngangen til sjølve øyret har dyret gjerne ein del lysebrune hår. Snutepartiet er alltid nærmast svart på fargen. Dyra har svarte band som strekker seg frå snuten opp mot auga og over kinna til bak mot øyra, og ei enkel svart smal stripe som strekker seg frå snuten og opp over panna og skallen på dyret.,,

Utbreiing

Tidlegare fanst afrikansk villhund over nesten heile Afrika, bortsett frå i tropisk regnskog og full ørken. No er utbreiinga av denne villhunden blitt meir oppdelt. I dag finn ein han derfor helst i Namibia, Botswana, Mozambique, delar av Zimbabwe, Swaziland, og i Transvaal i Sør-Afrika. Det finst òg nokre spreidde populasjonar andre stader i Afrika, til dømes i Kamerun.

Habitat

Tidlegare trudde ein at afrikansk villhund først og fremst heldt til på ope grasland, småskog og savanne. Ny forsking har likevel vist at det finst fleire dyr der kratt og småskog er tettare. Dei finst også tilstede i nokon grad i ein del skogkledde fjellområde og ørkennære strok, som Sahel.

Åtferd

Afrikansk Villhund: Utsjånad, Utbreiing, Habitat 
Afrikansk villhund

Afrikansk villhund er eit av dei mest sosiale hundedyra. Flokken er samla mesteparten av tida og blir leia av eit såkalla alfapar (leiarhann og -ho). Villhundar kan danna flokkar på opp mot 40 dyr, men det er meir vanleg med grupper på 2–27 dyr. Tidlegare, då det fanst mange fleire slike villhundar i Afrika, kunne flokkane ha opp mot 100 dyr. Gjennomsnittsflokken har gjerne om lag 7–15 dyr.

Ein flokk består som regel av fleire hannar enn hoer, og dei har kvar i sær si eiga rangordning i flokken. Flokken er heller ikkje statisk med omsyn til individa, men skiftar gjennom sessongen. Nokre dyr forsvinn til andre flokkar, mens andre kjem. Dess lenger ned på rangstigen eit dyr står, dess større er sannsynlegheita for at det forlèt flokken. På denne måten kan flokkane variere i storleik og samansetting gjennom året. Slik vandring mellom flokkane hjelper dessutan til å sikre den genetiske variasjonen. Nye flokkar blir danna gjennom at dyr av same kjønn forlèt flokken og sameiner seg med dyr av motsette kjønn frå ein annan flokk.

Hannar og hoer samarbeider om å føde opp kvalpar og i å bringe mat til skadde og sjuke individ som høyrer til flokken. I flokken er det sjeldan aggresjon medlemene i mellom, unnateke mellom den dominante tispa og eventuelle tispene som måtte freiste å parre seg.

Territoriumet til villhunden varierer mykje i tilhøve til det habitatet dei held til i. I Okavango i Botswana er det vanlegvis omkring 450 km², mens det i Serengeti kan vere opp mot ca. 2.000 km². Villhundar lever eit nomadisk liv og flytter seg ofte, unnateke når tispene skal føda. Elles blir dei sjeldan lenger enn 1-2 dagar på same leirplass.

Villhunden er normalt ikkje territorial og blir rekna som døgn-/dagaktiv. Den har normalt størst aktivitet i grålysninga på morgonen og i skyminga på kvelden. Normalt forsvarer den ikkje territoriet si utanom paringstida. Det er vanleg at territoria til ulike flokkar overlappar kvarandre ganske mykje, unnateke i sjølve kjerneområdet for kvar enkelt flokk. Utanfor kjerneområdet er det kjent at det herskar eit slags tidsintervall for bruk av overlappande område flokkane i mellom, slik at ulike flokkar oppheld seg i bestemte område til ulike tider. Slik unngår flokkane unødvendige konfrontasjonar i desse områda. Mindre flokkar vil normalt søke å unngå større flokkar, og trekke seg vekk frå overlappande område i tide. Skulle dei likevel møtast vil mindre flokkar flykte for å unngå konflikt. Mellom jamgode flokkar som møtest kan det derimot oppstå alvorlege konfliktar.

Villhunden kommuniserer ved hjelp av markeringar, kroppsspråk og lydar. Dyr som har kome bort frå flokken gjev gjerne frå seg ein «hoo» liknande lyd, som så blir svart på av andre medlemer. Dei har ein bjeffeliknande lyd når dei vaslane fare, og ein klynkande lyd når dei tiggar mat.

Afrikansk villhund er ein dyktig jeger som ofte jaktar på byttedyr som er mykje større enn den sjølv. Jaktområdet kan vere frå 200-2.000 km² stort, avhegig av tettleiken på byttedyr. Jakta går gjerne føre seg i skyminga om kvelden eller på morgonkvisten. Når den jaktar på større byttedyr skjer jakta i flokk, men den jaktar òg på mindre byttedyr aleine eller parvis. Jakta blir leidd av alfahannen.

Afrikansk villhund er den mest suksessfulle flokkjegeren i verda. Eit rovdyr med stort uthald og fart. Dei kan halde ei jakt gåande i høg fart over mange kilometer. Over ei strekning på inntil 2 km kan farten kome opp i 60 km/t. Statistisk legg dei ned 85-90 % av alle byttedyr som blir jaga, noko som er langt meir enn nokon annan art som jaktar i flokk. Byttet blir tretta ut før hundane angrip, leia av alfahannen og ei sinnrik åtaksåtferd. I gjennomsnitt er veg byttet ca. 50 kg, men villhunden kan legge ned byttedyr på opp mot 200 kg. Byttet blir rive i filler av dei kraftige kjevane og døyr nærmast momentant. I motsetning til dei fleste andre rovdyr vil villhunden ofte tillatne andre rovdyr og fuglar å ete av byttet. Det gjeld likevel ikkje flekkhyenar, som resolutt blir jaga vekk og av og til òg blir drepe.

Ernæring

Primærbyttet er impala (Aepyceros melampus), kudu (Tragelaphus strepsiceros), Thomsons gaselle (Gazella thomsonii) og gnu (Connochaetes taurinus). Dei kan og jakte på større artar, som sebra (fleire artar), elgantilope (Tragelaphus oryx) og kafferbøffel (Syncerus caffer), med det er meir sjeldan. Nokre stader jaktar dei også på små antiloper som dik-dik (Madoqua spp.), steinbukk (Raphicerus campestris) og vortesvin (Phacochoerus spp.). Afrikansk villhund et ikkje kadaver, uansett kor friske dei måtte vere.

Reproduksjon

Hos villhunden er det vanlegvis berre alfaparet som reproduserer seg, og dei lever gjerne i eit monogamt partilhøve livet ut. Dei vil òg normalt freiste å hindre andre medlemer av flokken i å reprodusere seg, noko som ofte fører til aggressiv åtferd dei i mellom, spesielt blant tispene. Det hender likevel at tisper som står lågare på rangstigen òg får lov til å reprodusere seg.

Afrikansk villhund blir kjønnsmoden når dei er omkring 12-18 månader gamle, men det tek ei lang stund før dei byrjar å få ungar. Dei yngste tilfellet som er kjend var ei tispe som var omkring 22 måmneder gammal. Tispa går drektig i ca. 60-72 dagar og føder gjerne kvalpekullet sitt mellom mars og juli månad, litt etter der dei held til. Kullet kan variere mykje i storleik. Mellom 2 og 22 kvalpar blir rekna som normalt. Dei minste kulla stammar frå dyr som lever i fangenskap. Mora føder helst i grasdekte holer, ofte etter jordsvin. Der blir kvalpane oppvarta til dei er omkring 3-4 veker gamle, då mora gjerne tek dei med ut for første gong. Straks kvalpane kjem ut blir dei gjenstand for merksemd frå heile flokken, som òg deler på ansvaret med å skaffe dei mat og passe på dei. Dei blir normalt avvendte når dei er omkring 5 veker gamle. Etter ein dieperiode på 3-12 veker vil mora gjenoppta jaktåtferda si, mens andre medlemer i flokken passar kvalpane. Når kvalpane blir omkring 3-4 månader gamle vil dei byrje å bli med flokken når han jaktar på byttedyr. Mora føder gjerne eit nytt kull i løpet av 12-14 månader. På denne tida forlèt gjerne det førre kullet flokken.

Villhunden blir sjeldan meir enn sju år i vill tilstand, sjølv om det er kjent at ekelte individ har levd til dei blir nærmare tolv år gamle.

Systematikk

Forskarane meiner at villhunden skilte lag andre canider for omkring tre millionar år sidan. Den er berre fjernt i slekt med hundedyr som ulv, rev, dingo og tamhund. Dei nærmaste nolevande slektningane til villhunden er asiatisk villhund (Cuon alpinus) og søramerikansk bushhund (Speothos venaticus).

Afrikansk villhund blei først skildra av det nederlandske aristokraten og zoologen Coenraad Jacob Temminck (1778-1858) i 1820. Det herskar ei viss usemje med omsyn til namnet afrikansk villhund, fordi nokre forskarar meiner det er misvisande og heller burde vore brukt om sjakalar. Dette er fordi sjakalen inngår i hundeslekta, men ikkje den såkalla afrikanske villhunden. Mange vel derfor å kalle han målarhund eller målarisk villhund, fordi desse samsvarar med det vitskaplege namnet (Lycaon pictus) og derfor er meir skildrande for arten.

I dag anerkjenner forskarane normalt fem underartar av arten. Det rår likevel ei viss uvisse omkring dei, fordi det genetiske arvematerialet hos villhundar i Vest- og Sentral-Afrika framleis ikkje er skikkeleg kartlagt. Ein studie viser at det er stor variasjonen i genotypene flokkane i mellom, i heile utbreiingsområdet.

Status

Afrikansk villhund er ein av dei mest trua artane i Afrika, som einaste representant i slekta Lycaon. Den har sida 1990 blitt rekna som truga (EIT) av IUCN, men står framleis ikkje oppført på CITES sine lister. Totalbestanden blei i 2004 estimert til å vere på omkring 3.000-5.500 dyr, av dei ca. 2.500 vaksne. Dei fleste oppheld seg i den sørlege delen av Afrika og i Tanzania. I tillegg kjem ca. 500 dyr som lever eit liv i fangenskap rundt om i verda.

I Hwange nasjonalpark i Zimbabwe finst det 5 kjende flokkar. I Kruger nasjonalpark i Sør-Afrika finst det 8 flokkar. I Masai Mara naturreservat i Kenya finst det 6 kjende flokkar. I Moremi viltreservat i Botswana finst det 8 kjende flokkar. I Tanzania har Selous viltreservat 6 kjende flokkar og Serengeti nasjonalpark 7 flokkar.

Trass i at arten er juridisk freda i store delar av utbreiingsområdet sitt minkar bestanden. Konfliktar med mennesker, sjukdommeir og oppdeling av habitateit er dei vanlegaste årsakene til den søkkande tendensen, samtidig som vernet i praksis i blir handhevt av styresmaktene. Arten er nærmast utradert i Vestafrika. Den største bestanden finst i sørlege Afrika, spesielt nord i Botswana, vest i Zimbabwe, aust i Namibia, og i Kruger nasjonalpark i Sør-Afrika.

Kjelder

Litteratur

  • Ronald M. Nowak: Walker's Mammals of the World. Johns Hopkins University Press, 1999 ISBN 0-8018-5789-9
  • Chris & Tilde Stuart: Field Guide to the Larger Mammals of Afrika. Struik, 2000, ISBN 1-86872-534-0
  • Gus Mills & Lex Hes: Säugetiere des südlichen Afrikas, Könemann Verlagsgesellschaft, 1999. ISBN 3-8290-3610-8

Bakgrunnsstoff

Afrikansk Villhund: Utsjånad, Utbreiing, Habitat  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Afrikansk villhund

Tags:

Afrikansk Villhund UtsjånadAfrikansk Villhund UtbreiingAfrikansk Villhund HabitatAfrikansk Villhund ÅtferdAfrikansk Villhund ErnæringAfrikansk Villhund ReproduksjonAfrikansk Villhund SystematikkAfrikansk Villhund StatusAfrikansk Villhund KjelderAfrikansk Villhund LitteraturAfrikansk Villhund BakgrunnsstoffAfrikansk VillhundAfrika sør for SaharaFlokkHundefamilienRovdyr

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Språk i AfrikaUN-nummerSvastikaDet indiske kastesystemetSomaliaJonsokKåre Magnus BerghYatzyMediaWikiHardy-gutteneToscakakeGroßpetersdorfKasakhstanAlenMarit BjørgenNynorskAktiv galaksekjerneLen i SverigeSofia av SverigeFrankrikeMelhusHøgaste fjell i EuropaStyresettOrganisasjonen av oljeeksporterande landRegionar i ItaliaTsjekkiaLukkeKlubbeHalsnøyAlfred HitchcockArnold SchwarzeneggerGoogle ChromeFrederik X av DanmarkPippi LangstrømpeBronkiektasiFred AstaireHertuginneApeInnsjøar i SverigeNiRayleeDag HammarskjöldAllahu akbarKolahalvøyaSunnhordlandske ord og vendingarAtacamaSkalmen fyrstasjonHinnøyaJonas Strand GravliTadsjikistanMaud av NoregAureMagnus MarsdalAngela Burdett-CouttsDet greske alfabetetAgnetha FältskogDonald SutherlandDen europeiske unionenMS «Venus» (1931)A Whiter Shade of PaleSovjetunionens kommunistiske partiNorrøntEli Kari GjengedalRoyal NavyOrkdal kommuneJordaMusikkgruppa ChipsThornton WilderSortland kommuneNobelprisen i litteraturKakebuWiki CommonsTutankhamonAnders Kristiansen (1990- )🡆 More