Karl Ernst Adolf Anderssen (6.
juli">6. juli 1818–13. mars 1879), fødd og død i Breslau, Preussen, var ein sjakkspelar frå Tyskland som i ein periode blei rekna som verdas sterkaste spelar. Han er mellom anna kjend som vinnaren av to av dei mest kjende sjakkpartia i sjakkhistoria, «det udødelege partiet» mot Lionel Kieseritzky i 1851, og «det eviggrønne partiet» mot Jean Dufresne.
Adolf Anderssen | |
Statsborgarskap | Kongedømet Preussen, Det tyske keisardømet |
Fødd | 6. juli 1818 Wrocław |
Død | |
Yrke | sjakkspelar, faglitterær forfattar, sjakkomponist |
Språk | tysk |
Ektefelle | ingen verdi |
Adolf Anderssen på Commons |
Adolf Anderssen vann dei tre største turneringane som blei arrangert medan han levde, – London 1851, London 1862 og Baden-Baden 1870. Etter sigeren i turneringa i 1851 blei han rekna som verdas sterkaste sjakkspelar, fram til han tapte ein tvikamp mot amerikanaren Paul Morphy i 1858. Etter at Paul Morphy slutta å spele sjakk eit par år etterpå var Adolf Anderssen kanskje igjen verdas sterkaste aktive spelar. Men i 1866 tapte han ein ny tvikamp, mot Wilhelm Steinitz, som deretter kunne reknast som verdas sterkaste spelar, uoffisiell verdsmeister i sjakk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Adolf Anderssen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.