Adenovirusa (medlem av familien Adenoviridae) er ei gruppe mellomstore (90—100 nm), membranlause (utan eit ytre bilipid lag) virus (dsDNA) med ein ikosahedral nukleokapsid fylt med dobbelstrenga DNA-genom.
Adenovirus | |
Transmisjonselektronmikrograf av to adenoviruspartiklar | |
Systematikk | |
Rike: | Virus |
Familie: | Adenovirus Adenoviridae |
Namnet kjem av at dei første gong blei isolert frå svelgmandelen (adenoide vegetasjonar) hjå menneske i 1953.
Ryggbeinsdyr er ein utbreidd vert for desse virusa. Hjå menneske har ein funne heile 57 distinkte serotypar av adenovirus som kan valda ulike sjukdommar, frå milde luftvegsinfeksjonar hjå små barn til livstrugande multiorgansjukdommar hjå folk med svekka immunsystem.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Adenovirus, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.