1.
divisjon fotball for herrar er den nest øvste divisjonen i ligasystemet for norsk herrefotball. Frå 2005 til 2013 var det offisielle namnet Adeccoligaen grunna sponsinga frå bemanningsselskapet Adecco. I 2015 har divisjonen endra namn til OBOS-ligaen.
divisjon fotball for menn | |
---|---|
Land | Noreg |
Region | UEFA |
Forbund | NFF |
Grunnlagt | 1963 |
Tal på klubbar | 16 |
Opprykk til | Tippeligaen |
Nedrykk til | 2. divisjon |
Nasjonal cup | NM i fotball for menn |
Regjerande meister | IK Start (2012) |
Det er 16 lag i ligaen. Dei to beste rykkjer automatisk opp i Tippeligaen. Vinnaren får også til odel og eige ein sølvpokal og diplom.
Laga som kjem på 3. til 6. plass skal inn i eit sluttspel. Etter serieslutt spelar laget som kjem på 3. plass kvalifiseringskamp mot laget på 6. plass, medan laget som vert nummer fire spelar kvalifiseringskamp mot laget på femteplass. Vinnaren av desse to kampane spelar så kvalifiseringskamp, før vinnaren av denne kampen spelar kvalifisering heim/borte mot laget som enda tredje sist i tippeligaen. Vinnaren av desse to kampane har plass i Eliteserien den påfølgjande sesongen.
Dei fire laga som ved slutten av sesongen ligg sist på tabellen rykkjer direkte ned til 2. divisjon.
Fram til 1990 heitte serien 2. divisjon, og han inneheldt to avdelingar fram til 1996.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article 1. divisjon fotball for menn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.