Addisjon, å leggja til, summere eller plussing er ein av dei grunnleggjande rekneartane innan aritmetikken.
Ved addisjon legg ein saman verdien av to (eller fleire) tal, til ein sum. Symbolet for addisjon er +. Tala som blir addert blir kalla addendar eller ledd. Å legge saman vert kalla å addere.
Eit enkelt døme er at 1 + 2 = 3. Addisjon med eit negativt tal er det same som subtraksjon Døme: 1 + (-2) = -1
Meir generelt er addisjon den binære operasjonen til ei abelsk gruppe; han er assosiativ og kommutativ og har eit identitetselement normalt skrive som «0» . I tillegg har alle element x eit inverst element -x.
Summere vert særleg nytta når ein skal finne summen av ei rekkje.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Addisjon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.