Accra er hovudstaden i Ghana.
Byen hadde 2 291 352 innbyggjarar i 2012, og er den største byen i landet.
Accra | |||
by | |||
Land | Ghana | ||
---|---|---|---|
Del av | Ghanaian Coastal Plain | ||
Areal | 173 000 000 km² | ||
Folketal | 2 388 000 (2017) | ||
Accra | |||
Wiki Commons: Accra | |||
Byen voks fram rundt britiske og nederlandske fort på 1600-talet. I 1877 erstatta han Cape Coast som hovudstad for den britiske kolonien Gullkysten. Etter at det hadde vorte bygd jarnbane inn i landet frå Accra, vart byen det økonomiske sentret i kolonien, og han er framleis finanssentrum i Ghana.
Ein finn òg spor etter dansk-norske slavehandlarar i byen, sidan fortet Christiansborg slott er bevart. I byen ligg òg National Museum of Ghana og Central Library of Ghana. University of Ghana ligg i Legon, kring 13 km nord for Accra.
Forsvarskommisjonen til Organization of African Unity har hovudkvarteret sitt i Accra.
Den viktigaste flyplassen er Kotoka International Airport.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Accra, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.