Abu Dhabi

Abu Dhabi (arabisk أبو ظبي, Abū Ẓabī) er hovudstaden og den nest største byen i Dei sameinte arabiske emirata (etter Dubai), og hovudstaden i emiratet Abu Dhabi, det største av dei sju emirata i landet.

Abu Dhabi ligg på ei T-forma øy som stikk ut i Persiabukta frå den sentrale vestkysten. Sjølve byen hadde 1,5 millionar innbyggjarar i 2014.

Abu Dhabi
أبو ظبي
by
Abu Dhabi
Abu Dhabi
Våpenskjold
Land Abu Dhabi Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Abu Dhabi
Høgd 27 moh.
Koordinatar 24°28′N 54°22′E / 24.467°N 54.367°E / 24.467; 54.367
Areal 972 km²
Folketal 1 500 000  (2014)
Folketettleik 1 543 / km²
sjeik Khalifa bin Zayed
Tidssone UAE standard time (UTC+4)

Abu Dhabi
24°27′04″N 54°23′49″E / 24.451111111111°N 54.396944444444°E / 24.451111111111; 54.396944444444
Abu Dhabi
Abu Dhabi
Wiki Commons: Abu Dhabi
Abu Dhabi
Flyfoto av Abu Dhabi på kysten av Persiabukta.

Abu Dhabi husar statlege departement og er setet for den emiratarabiske regjeringa, heimstaden til emiratfamilien i Abu Dhabi og presidenten i Emirata, som kjem frå denne familien. Den raske utviklinga og urbaniseringa i Abu Dhabi, i tillegg til den relativt høge inntekta til innbyggjarane, har omgjort byen til ein stor og avansert metropol. I dag er byen det politiske og industrielle senteret i byen, og eit stort kultur- og handelssenter. Abu Dhabi står for kring to-tredjedelar av den kring 400 milliardar dollar store økonomien til Dei sameinte arabiske emirata.

Abu Dhabi er den fjerde mest dyraste byen for utanlandske arbeidarar i Midtausten og var i 2014 den 68. mest dyre byen i verda. Fortune og CNN skreiv i 2007 at Abu Dhabi er den rikaste byen i verda og har ein stad mellom 800 og 875 milliardar USD. Sovereign Wealth Fund Institute set dette talet til 773 milliardar US.

Historie

Abu Dhabi har mange arkeologiske funn som peikar til tidlege sivilisasjonar, som Umm an-Nar-kulturen, som heldt til her kring 2000-talet fvt. Ein har funne busetnader lenger unna den moderne byen, nærare den moderne byen Al Ain. Ein har òg gjort funn nær fjellet Hafeet (Jebel Hafeet), som har ei strategisk plassering med godt utsyn over området kring. Her finst òg ein del vatn i kjelder og innsjøar, som var langt meir fuktig for fleire tusen år sidan.

Opphavet til namnet «Abu Dhabi» er uvisst. Det tyder «Faren til gasellen», og referer truleg til dei få gasellane som lever i emiratet. Det opphavlege namnet til Abu Dhabi var Milh eller «salt», kanskje etter det salte vatnet i Persiabukta, eller det salte marsklandet kring byen. Somme beduinar kallar byen Umm Dhabi (Mor til gasellen). I følgje somme historiske kjelder vart namnet Abu Dhabi først teken i bruk kring 300 år sidan.

Bani Yas-beduinane heldt opphavleg til i Liwa-oasen. Denne stamma var den viktigaste i området, og hadde over 20 underfamiliar. I 1793 flytta Al Bu Falah-delen av familien til øya Abu Dhabi på kysten av Persiabukta då det vart oppdaga ferskvatn der. Ein familien i denne avdelinga var Al Nahyan-familien. Denne familien utgjer den regjerande familien i Abu Dhabi i dag.

Abu Dhabi arbeidde i perleindustrien og handel med andre. I følgje ei kjelde var Persiabukta den beste staden for å finne perler. Perledykkarar var under vatn i eitt til eitt og eit halvt minutt, og kunne dykke opp til tretti gonger om dagen. Det fanst ikkje oksygentankar og alle former for mekanisk utstyr var forbode. Dykkarane hadde ei naseklype av lêr, og lêr som dekka fingrane og storetåa for å verne dei medan dei leita etter østers. Dykkarane fekk ikkje betalt dagsløn men fekk ein del av inntektene for sesongen.

    Traktatkysten

På 1800-talet vart det inngått ei rekkje avtalar mellom Storbritannia og sjeikane for dei arabiske statane ved Persiabukta, og britane vart den dominerande makta i området. Hovudføremålet til den britiske interessa var å verne handelsruta til India frå sjørøvarar, og området hadde tidlegare blitt kalla «Piratkysten». Etter sjørøververksemda vart stoppa, kom andre omsyn på tale, som det stratgiske behovet til britane om å ekskludere andre stormakter frå området. Etter at dei trekte seg attende frå India i 1947, heldt britane påverknaden sin over Abu Dhabi sidan interesse for oljepotensialet i Persiabukta voks.

    Den første olja

I 1930-åra minka perlehandelen, samstundes som interessa for mogeleg oljeførekomstar auka i regionen. Den 5. januar 1936 gjekk Petroleum Development (Truce Coast) Ltd (PDTC), eit selskap under Iraq Petroleum Company, inn i ein konsesjonsavtale med herskaren sjeik Shakhbut bin Sultan al Nahyan for å leite etter olje. Dette vart føldl opp av ein 75-års konsesjonsavtale i januar 1939. På grunn av ørkenterrenget var det vanskeleg å drive med oljeleiting i de i indre områda. I 1953 fekk D'Arcy Exploration Company, eit selskap under BP, ein offshore-konsesjon som så vart overført til eit selskap skapt for å vere operatør for konsesjonen: Abu Dhabi Marine Areas (ADMA) som var eit prosjektsamarbeid mellom BP og Compagnie Française des Pétroles (seinare Total). I 1958 fann ADMA Enterprise olje med ein boreplattform på Umm Shaif-feltet. Ein nytt felt vart funnen i 1959 ved Murban nr. 3.

I 1962 oppdaga selskapet Bu Hasa-feltet og ADMA følgde i 1965 med Zakum-feltet. I dag er i tillegg felta Asab, Sahil og Shah på land og al-Bunduq og Abu al-Bukhoosh til sjøs viktige oljefelt.

Geografi

Abu Dhabi 
Abu Dhabi sett frå satellitten SPOT.

Byen Abu Dhabi ligg nordaust i PersiabuktaDen arabiske halvøya. Han ligg på ei øy mindre enn 250 meter får fastlandet og er knytt til fastlandet via bruene Maqta og Mussafah. Ei tredje, Sheik Zayed Bridge, designa av Zaha Hadid, opna seint i 2010. Abu Dhabi-øya er òg knytt til Saadiyatøya via ein fem-felts motorveg. Al-Mafraq-brua knyter byen til Reemøya og stod ferdig tidleg i 2011. Dette er ei trafikkmaskinbru med 27 felt og høve til å la kring 25 000 bilar passere i timen. Det er tre store bruer knytt til prosjektet og den største har åtte felt, fire av dei frå Abu Dhabi by og fire inn.

Det meste av Abu Dhabi by ligg på sjølve øya, men det ligg fleire forstader på fastlandet, som Khalifa City A, B og C; Al Raha Beach; Al Bahia City A, B og C, Al Shahama, Al Rahba, Between Two Bridges, Baniyas og Mussafah Residential.

Klima

Abu Dhabi har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh). Ein kan vente seg blå himmel året rundt. Frå juni til september er det generelt ekstremt varmt og fuktig med maksimumstemperaturar i snitt over 38 °C. I denne tida oppstår det stundom sandstormar som i somme tilfelle kan redusere sikta til nokre få meter.

Den kjøligare årstida er frå november til mars, då temperaturane varierer frå moderat heitt til kaldt. I denne perioden kan ein òg få tett tåke somme dagar. Januar er den kjøligaste månaden, medan juli og august er dei heitaste.

Vêrdata for Abu Dhabi
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 33,7 38,1 43 44,7 46,9 48,8 48,7 49,2 47,7 43 38 33,4 49,2
Gjennomsnittleg maks °C 24,1 26 29,5 34,5 39,3 40,8 42,1 42,9 40,4 36,5 31,1 26,3 34,5
Døgnmiddeltemperatur °C 18,8 19,6 22,6 26,4 31,2 33 34,9 35,3 32,7 29,1 24,5 20,8 27,4
Gjennomsnittleg min °C 13,2 14,6 17,5 20,8 23,8 26,1 28,8 29,5 26,6 23,2 18,7 15,8 21,5
Lågast målte °C 5 5 8,4 11,2 16 19,8 16,5 17 19 12 10,5 7,1 5
Gjennomsnittleg nedbør mm 7 21,2 14,5 6,1 1,3 0 0 1,5 0 0 0,3 5,2 57,1
Gns. luftfukt (%) 68 67 63 58 55 60 61 63 64 65 65 68 63
Gns. solskinstimar i månaden 246,1 232,6 251,1 280,5 342,2 336,9 314,2 307,5 302,4 304,7 286,6 257,6 3 462,4
Kjelde: NOAA (1971–1991)


Abu Dhabi 
Panorama av corniche-vegen.

Bydelar

Abu Dhabi 
Skyskraparar ved den vestlege corniche-vegen, Al Ras Al Akhdar, i mars 2013. Etihad Towers til høgre.
  • Al Aman
  • Al Bateen
  • Al Dhafrah
  • Al Falah
  • Al Karama
  • Al Khubeirah
  • Al Lulu-øya
  • Al Madina
  • Al Manaseer
  • Al Manhal
  • Al Maqtaa
  • Al Markaziyah
  • Al Meena
  • Al Moroor
  • Al Mushrif
  • Al Muzoon
  • Al Nahyan
  • Al Qubesat
  • Al Ras Al Akhdar
  • Al Reem-øya
  • Al Rehhan
  • Al Rowdah
  • Al Zaab
  • Al Zahiyah
  • Al Zahraa
  • Al Khalidyah
  • Bain Al Jisrain
  • Hideriyyat
  • Khalifa City
  • Marina Village
  • Masdar City
  • Muhammed Bin Zayed City
  • Saadiyatøya
  • Shakhbout City
  • Officers City
  • Qasr El Bahr
  • Qasr El Shatie
  • Yasøya


Arkitektur

Abu Dhabi 
Gatebilete.

Byen vart planlagt med rettleiing frå sjeik Zayed av den japanske ariktekten Dr Takahashi i 1967 for ein folkesetnad på 40 000. Abu Dhabi har varierande folktettleik, med høg arbeidsstettleik i dei sentrale områda, høg bustadstettleik i sentrum og lågare tettleik i forstadane. I dei folketette områda kjem konsentrasjonen av mellomstore og høge byggningar. Av kjende skyskraparar i Abu Dhabi finn ein Abu Dhabi Investment Authority Tower, hovudkvarteret til Nasjonalbanken i Abu Dhabi, Hilton Hotel Tower og hovudkvarteret til Etisalat. Andre kjende, moderne bygg er Emiratepalasset med design inspirert av arabisk arkitektur.

Byplanen for Abu Dhabi fram til 2030 har oppfordra til å byggje fleire skyskraparar, og mange fleire er planlagde det neste tiåret, særleg i forretningsstrøk på Al Sowwah-øya og Al Reem-øya. Abu Dhabi har alt fleire superhøge skyskraparar. Some av dei høgaste er den 382 høge Central Market Residential Tower, det 324 m høge The Landmark og det 74 etasjar, 310 meter høge Sky Tower. Det finst mange andre skyskraparar over 150 meter som anten er godkjende eller føreslåtte.

Sjeik Zayed stormoské

    For meir om dette emnet, sjå Sjeik Zayed-moskeen.

Ein av dei viktigaste landemerka i byen er Sheik Zayed-moskeen. Designet og konstruksjonen skal visstnok «sameine verda» med bruk av kunstnarar og materiale frå mange land, som Italia, Tyskland, Marokko, Pakistan, India, Tyrkia, Iran, Kina, Storbritannia, New Zealand, Hellas og sjølvsagt Dei sameinte arabiske emirata. Meir enn 3 000 arbeidarar og 38 kjende entrepenørselskap tok del i bygginga av moskeen. Det vart vald naturlege materiale for det meste av bygget, som marmor, stein, gull, halvedelsteinar, krystall og keramikk. Bygginga byrja 5. november 1996 og dei indre bønehallane vart først opna i desember 2007.

Det er eit av dei mest vitja byggverka i Emirata.

Parkar og hagagr

Abu Dhabi har meir enn 2 000 velhaldne parkar og hagar og meir enn 400 km med kystlinje, der 10 km er offentlege strender.

Økonomi

Den store petroleumsrikdomen til Emirata har gjeve landet eit av dei høgaste bruttnasjonalprodukta per innbyggjar i verda og Abu Dhabi eig det meste av desse ressursane – 95 % av olja og 92 % av gassen. Abu Dhabi held dermed 9 % av dei kjende oljereservane i verda og nesten 5 % av naturgassførekomstane i verda. Oljeprodusjonen i Emirata var i området 2,3 millionar fat kvar dag i 2010, og det er prosjekt for å auke produksjonen til 3 millionar fat.

I nyare tid har regjeringa byrja å gjere dei økonomiske planane meir mangfaldig. Det er derfor gjort store investeringa i Abu Dhabi i industri, eigedom, turisme og detaljsal.

Abu Dhabi er det mest velståande emiratet i landet og meir enn 1000 milliardar dollar vert investert verda over i byen aleine. Skatteprosenten i Abu Dhabi er, som i resten av landet, null for innbyggjarar og for føretak som ikkje er bankar eller oljeselskap. Etihad Airways har hovudkvarteret sitt i Abu Dhabi.

Demografi

Historiske folketal
År Folketal ±%
1960 25 000
1965 50 000 +100.0%
1969 46 400 −7.2%
1975 127 763 +175.4%
1980 243 257 +90.4%
1985 283 361 +16.5%
1995 398 695 +40.7%
2003 552 000 +38.5%
2009 896 751 +62.5%
2013 921 000 +2.7%

I 2006 var folketalet i emiratet 1 463 ,491.

Abu Dhabi er rangert som den 67. dyraste byen i verda og den nest dyraste i regionen etter Dubai.I 2013 var 476 000 av 2 330 000 innbyggjarar i emiratet emiratarabarar, medan nesten 80 % var utlendingar.

Majoriteten av innbyggjarane i Abu Dhabi er utanlandske arbeidarar frå India, Pakistan , Eritrea, Etiopia, Somalia, Bangladesh, Sri Lanka, Filippinane, Storbritannia og forskjellige land frå den arabiske verda. Somme av desse har vore i landet i mange tiår, men berre eit fåtal har fått emiratarabisk nasjonalitet.

Samferdsle

Abu Dhabi 
Silver Taxi i Abu Dhabi.

Abu Dhabi internasjonale lufthamn (AUH) er det viktigaste transportknutepunktet i byen og den nest travlaste flyplassen i landet med 9,02 millionar passasjerar i 2008,. lyplassen ligg på Abu Dhabi-øya og vart flytta der frå fastlandet i 1982. Terminalen er dominert av Etihad Airways som er det nasjonale og nest største flyselskapet i landet. Flyplassen er for tida under utbygging og skal kunne ta i mot 50 millionar passasjerar i året når utbygginga er ferdig, og dermed bli ein stor konkurrent til Dubai internasjonale lufthamn.

Abu Dhabi 
Bybuss nummer 56.

Kollektivtransportsystemet i Abu Dhabi omfattar offentlege bussar, taxiar, ferjer og fly. Gatetaxiane er lett gjenkjennelege og er sølvgrå med gult skilt på taket.

Den første bybussen kom i teneste kring 1969, men dette var ei uformell teneste. Det finst fleire bussruter frå Abu Dhabi til andre byar i landet. I eit forsøk på å få innbyggjarane til å ta bussen var fleire av bussrutene gratis fram til slutten av 2008.

Det er store samferdsleplanar i Abu Dhabi og fram til 2030 er det planlagt å byggje 130 km med metro og 340 km med trikk.

Kultur

Abu Dhabi har eit mangfaldig og multikulturelt samfunn. Det kulturelle avtrykket til byen er eit lite, etnisk homogent perlesamfunn som endra seg då andre etniske grupper kom til staden tidleg på 1900-talet, først iranarar og frå 1960-åra indarar og pakistanarar. Abu Dhabi har blitt kritisert for å halde fram med eit klassebasert samfunn, der utanlandske arbeidarar er i dei lågare klassane, og stundom lid under dette. Trass i at folkesetnaden er mangfaldig, har ein berre hatt eit fåtal små episiodar med etniske spaningar, hovudsakleg mellom utlendingar, i byen.[treng kjelde] Store heilagdagar i Abu Dhabi er Eid al Fitr, som markerer slutten på ramadan, Eid ul-Adha som markerer slutten på hajj og Nasjonaldagen (2. desember), som markerer grunnlegginga av Dei sameinte arabiske emirata.

Den unike samfunnsøkonomiske utviklinga i Persiabukta har gjort at Abu Dhabi generelt er meir tolerant enn naboane sine, inkludert Saudi-Arabia. Emirane har vore kjend for toleransen sin og ein kan finne kristne kyrkjer, hindutempel og sikh-gurdwaraer (men ingen synagoger) ved sidan av moskeane. Den kosmopolitiske atmosfæren veks gradvis og det finst derfor mange asiatiske og vestlege skular, kultursenter og temarestaurantar.

Abu Dhabi har fleire kulturinstitusjonar som Kulturstiftinga og Nasjonalteateret.

Utdanning

Abu Dhabi har fleire internasjonale og lokale privatskular og universitet, inkludert det statlege Dei sameinte arabiske emirata universitet i Al-Ain, New York University, Masdar vitskap- og teknologiinstitutt, New York teknologiske institutt, Higher Colleges of Technology, New York filmakademi, Paris-Sorbonne universitet Abu Dhabi og Abu Dhabi universitet in Abu Dhabi.

Alle skular i emiratet er underlagt Abu Dhabi utanningsråd.

Idrett

Abu Dhabi har fire fotballstadion: Al Jazeera Stadium, Al Wahda stadion, Sjeik Zayed fotballstadion (Zayed Sports City) og Hazza Stadium. Sjeik Zayed cricketstadion ligg i utkanten av byen og er for tida heimebaben til det pakistanske circketlaget.

Fotball og cricket er særs populær i byen. Mange ungdomar spelar fotball på parkeringsplassar nær cornichen. Cricket er òg populært på grunn av dei mange sørasiatiske arbeidarane.

Abu Dhabi Grand Prix

Sidan 2009 har Abu Dhabi vore vertskap for eit Formel 1-løp kvart år i november eller desember ved Yas Marina-banen, som no vert rekna som den rikaste Formel 1-banen i verda. Motorsport er populært i landet og banen har òg løp for V8 Supercars-serien.

Venskapsbyar

Abu Dhabi er venskapsby med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Abu Dhabi  Reiseguide for Abu Dhabi frå Wikivoyage

Tags:

Abu Dhabi HistorieAbu Dhabi GeografiAbu Dhabi KlimaAbu Dhabi ØkonomiAbu Dhabi DemografiAbu Dhabi SamferdsleAbu Dhabi KulturAbu Dhabi UtdanningAbu Dhabi IdrettAbu Dhabi VenskapsbyarAbu Dhabi KjelderAbu Dhabi BakgrunnsstoffAbu DhabiArabiskDei sameinte arabiske emirataDubaiEmiratet Abu DhabiPersiabukta

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FascismeAleksander den storeDen cubanske revolusjonenPeter Wessel TordenskjoldSola kommuneXanthippeKokosmakronTalordMolde kommuneAnatolij FirsovLuftfartøyNasjonaldraktVinter-OL 1968BrigitA Collection of Great Dance SongsValutaTunisiaInformasjonskapselMS-DOSSilvestre y La NaranjaEstragonAlaskaIslandske nasjonaldrakterByar i HellasFilmen EllingTrepunktsopphengJernFredrik SolvangFredrik Skavlan918H.C. AndersenPilNitrogenBukspyttkjertelenEngland og WalesRegjeringa Bondevik IICotopaxiSosialismeØrnChampions LeagueLiverpool FCMogopMikal KirkholtSteve JobsSkottlandSandy DennyNautisk milTsjekkiaDickey BettsAftonbladetForelskingSpekkhoggarSteve PorcaroJaroslav SakalaGrodagenWilliam OrpenOprah WinfreyCelsiusEtnos og demosRefraksjonStrilamålTaleMiddelhavetKvintakkordISO 8601KaliumnitratSeladonHenry David ThoreauAfrikaDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenMagnetisk feltstyrkeDrinfossenBelgiaAnette HoffParasittologiHákarlReidar Johansen🡆 More