Absolute Music er ein serie med samlealbum der kvart album er sett saman av aktuelle og populære poplåtar.
Serien blir gjeven ut av samleselskapet EVA Records og starta i Sverige i november 1986. På byrjinga av 90-talet kom serien òg til Noreg og Danmark med utgjevingar tilpassa dei einskilde landa.
Det første Absolute Music-albumet i Noreg kom i mars 1991 under namnet Absolute Music 1. Samlingane vart først utgjevne med berre tre album i året, først ein i mars, ein i september og ein i desember. Frå 1998 byrja dei å sende ut ei ekstra plate i juni, og samlinga kjem no altså ut fire gonger i året. Absolute Music hadde si stordomsstid på 90-talet, då kunne dei selje over 200 000 eksemplar i året. I 2007 selde dei rundt 35 000 eksemplar.
EVA Records står òg bak andre Absolute-utgjevingar som Absolute Hits, Absolute Dance, Absolute Reggae og Absolute Kids. Selskapet har rettane til namnet «Absolute», noko som førte til at det norske bandet Luxus Leverpostei måtte endre namnet på albumet sitt frå Absolute Bullshit til 100% Bullshit.
I 2009 vart Absolute Music og det liknande merket McMusic slått saman til Now That' What I Call Music, eit verdskjend varemerke i samlealbumsbransjen som har vore brukt på hitsamlinger i UK og USA i ei årrekkje. Absolute Music kom til nummer 60, medan McMusic stoppa på nummer 47. EVA Records har vore samleplateselskapet til EMI og Warner Music, medan McMusic har vore tilsvarande for Universal og Sony Music. Universal Music, Sony Music, EMI Music og Warner Music i Noreg har altså slått seg saman om eitt samleplateselskap.
Den første Now That' What I Call Music! nummer 1-cd-en vart gjeven ut den 23. november 2009, og distribuert via Universal. Dobbelt-cd-en Now That' What I Call Music! Hits 2009 blei gjeven ut i desember same året via EMI.
Tittel | År | Lengd | Salstrofé |
---|---|---|---|
Absolute VG-lista 1980 | 2007 | ||
Absolute VG-lista 1981 | 2007 | ||
Absolute VG-lista 1982 | 2007 | ||
Absolute Hits '99 | 1999 | ||
Absolute Hits 2000 | 2000 | ||
Absolute Hits 2001 | 2001 | ||
Absolute Hits 2002 | 2002 | ||
Absolute Hits 2003 | 2003 | ||
Absolute Hits 2004 | 2004 | ||
Absolute Hits 2005 | 2005 | ||
Absolute Hits 2006 | 2006 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Absolute Music, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.