Abraham er eit mannsnamn av hebraisk opphav som tyder Far/leiar av mange.
Det opphavlege namnet אַבְרָהָם blir på klassisk hebraisk uttala [ʾAḇrāhām], på askenasisk hebraisk [Avróhom] og på israelsk hebraisk [Avraham]. Namnet finst på arabisk i forma ابراهيم [Ibrahim].
Den første dokumenterte bruken av Abraham finn me i Bibelen, der Gud gjev namnet, og ein lovnad om land og mange etterkomarar, til den trufaste tenaren sin Abram. Den bibelske Abraham blir derfor rekna som stamfaren til det jødiske folket gjennom sonen Isak. Han blir òg rekna som stamfar til muslimane gjennom sonen Ismael.
Abraham har namnedag den 20. desember i Noreg og 18. desember i Sverige.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Abraham, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.